Kvelds- og nattarbeid ved Dale stasjon

Bane NOR held ved like og moderniserer Bergensbanen. Ved Dale stasjon skal vi byggje to nye plattformer og ny overgangsbru. I samband med dette, vil det natt til sundagar i tida som kjem gå føre seg arbeid ved stasjonen.

Arbeidet omfattar mellom anna kranarbeid og montering av nye master og åk for nytt straumførande anlegg, og vil gå føre seg i tidsrommet frå ca. kl. 21.00-07.00 kvar natt til sundag fram til slutten av april. Fyrste arbeidsnatta blir natt til sundag 14. februar.

Arbeidet gjer at det blir større aktivitet enn vanleg på nattetid. Me beklagar eventuelle ulemper som fylgje av det, men strekar under at arbeidet berre vil gje kortvarige periodar med moderat støy. Vi minner samstundes om at anleggsarbeid inneber risiko, og ber publikum respektere forbodet mot å ta seg inn på anleggsområdet.

Kvifor nattarbeid?

Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av omsyn til tryggleiken og praktiske årsaker naudsynt å tilpasse arbeidet til den ordinære togtrafikken. Gjennom å utføre naudsynt modernisering og førebyggjande vedlikehald i periodar av døgnet med liten/ingen trafikk bidreg vi til å sikre at så få som mogleg av togselskapas kundar vert råka.

Spørsmål om arbeida?
Eventuelle spørsmål om arbeidet som skal utførast, kan rettes til:

Anleggsleder Olav Kyte
Mobil:    916 29408
E-post:   olav.kyte@kythe.no