Kvelds- og nattarbeid ved Evanger stasjon

Vi skal som kjend modernisere Evanger stasjon slik at han blir sikrare, meir moderne og tilgjengeleg for alle. No er arbeida i gong, og i samband med det, vert det kvelds- og nattarbeid i tida som kjem.

I perioden frå 10. – 15. november vil det gå føre seg borearbeid knytt til bygging av nye mastefundament for straumførande leidningar. Arbeidet blir gjort av Infranord AS, og vil gå føre seg mellom klokka 18.00 og 06.00 kvar kveld/natt i perioden. Arbeidet vil flytte seg frå vest mot aust på stasjonen i løpet av dei fire nettene jobben varer.

Undervegs i arbeidet vil det vere periodar med støy som overskrid dei tilrådde grensene. Me vil difor gje tilbod om hotellopphald til dei som blir mest råka, eller som har særskilte behov av til dømes medisinske årsaker. Vi gjer merksam på at alternativ overnatting må avklarast på førehand. I motsett fall kan det ikkje gjerast rekning med at kostnader knytt til hotellopphald blir dekt.

Kvifor kvelds- og nattarbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det mellom anna av omsyn til tryggleiken naudsynt å tilpasse arbeidet til den ordinære togtrafikken. Gjennom å utføre vedlikehaldsoppgåver i periodar av døgnet med liten/ingen trafikk bidreg vi til å sikre at så få som mogleg av togselskapas kundar blir råka.

Spørsmål om arbeida?

Eventuelle spørsmål om arbeida ved Evanger stasjon kan rettast til:

Infranord AS
v/anleggsleiar Kurt Ingor Palmkvist,
Mobil:    948 82 177

Spørsmål om alternativ overnatting?

Eventuelle spørsmål om alternativ overnatting kan rettast til:

Prosjektleiar Emmeche Hjemmen

E-post:   emmeche.hjemmen@banenor.no