Kvelds- og nattarbeid ved Dale stasjon

Me er som kjend i gong med å modernisere Dale stasjon for å gjera han sikrare, meir moderne og tilgjengeleg for alle. I samband med det, er det diverre naudsynt med meir kvelds- og nattarbeid enn tidlegare varsla.

Natt til 2. desember og i perioden 9. – 16. desember vil det gå føre seg kvelds- og nattarbeid knytt til bygging av den nye tørrmuren i austre ende av stasjonen. Arbeidet blir utført Jordalen Entreprenør AS, og vil gå føre seg i tidsrommet mellom kl. 20.00 og 06.00). Me beklagar eventuelle ulemper som fylgje av anleggsarbeidet, men understrekar at støyen frå denne aktiviteten venteleg vil være moderat.

Kvifor kvelds- og nattarbeid?

Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det mellom anna av omsyn til tryggleiken naudsynt å tilpasse arbeidet til den ordinære togtrafikken. Gjennom å utføre bygge- og vedlikehaldsoppgåver i periodar av døgnet med liten/ingen trafikk bidreg vi til å sikre at så få som mogleg av togselskapas kundar blir råka.

Spørsmål om arbeida?

Eventuelle spørsmål om arbeida ved Dale stasjon kan rettast til:

Jordalen Entreprenør AS
v/anleggsleiar Håkon Helland
Mobil:    482 68 126