Forlenging av jernbanespor ved Voss stasjon

Bane NOR skal forlengja eit jernbanespor vest for stasjonen på Voss. Arbeidet vil gå føre seg frå 31. august til slutten av september.

Spor 20 vest for Voss stasjon skal verta 150 meter lengre. Svillene til det nye strekket ligg allereie på plass. Foto: Håkon Berge

Togparkering, eller hensetting som det heiter på jernbanespråket, er heilt naudsynt for effektiv drift av jernbanen. Med fleire og lengre tog på skjenene og mykje planlagd arbeid i åra som kjem, treng me fleire parkeringsplassar på Vossebanen. Ved å forlengja spor 20 ved Voss stasjon med 150 meter, får me ein kjærkomen auke i kapasiteten utan å bandleggja nytt areal.

Arbeidsplan

Arbeidet startar 31. august og er berekna å vera i mål i slutten av september. Til å byrja med vil det primært føregå på dagtid mellom klokka 7.00 og 19.00. Det vert jobba alle dagar i veka. Frå 9. september er planen å starte arbeidet med kontaktleidningsanlegget, og det vil då verta arbeidd nattskift i om lag ei veke.

Arbeidet går i korte trekk ut på å flytta dagens spor litt sidelengs og kopla det saman med traseen kor det allereie ligg sviller. Deretter skal ein leggja skjener og tilpassa kontaktleidningsanlegget til det nye sporet. Til slutt skal me supplera og stabilisera massane under sporet. Det er Spilde Entreprenør og Baneservice som skal utføra jobben på oppdrag frå Bane NOR.

Det meste av arbeidet vil føregå med gravemaskin, og det vert noko støy i periodar. Me er leie for ulempene dette fører med seg for dykk som bur i området. Bane NOR følgjer Retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging (T-1442 - pdf). Kommunelegen i Voss herad og politiet er orienterte om arbeidet.

Kontaktpersonar for naboar

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål.
Prosjektleiar Karl Morten Undal, tlf. 916 66 080
Byggjeleiar Håkon Berge, tlf. 900 57 894

 Gul merking viser kvar sporet skal forlengjast.