Ballastrens på Bergensbanen

Bane NOR skal reinske pukken under jernbaneskinnene på Bergensbanen frå Sokna til Liodden. Arbeidet startar til helga og skal vera ferdig i september.

Pukken under jernbanesporet på den 68 kilometer lange strekningen frå Sokna til Liodden skal reinskast. Pukk med dårleg kvalitet skal skiftast ut.

Arbeidet startar 25. april og skal vere ferdig i midten av september. Den «rullande» reinskefabrikken vaskar rundt 500 meter på eit skift.Pila viser framdrifta ca. 10. mai.

Arbeidstida er frå klokka 04:00 om natta til 13:00 på dagen. Arbeidet vil halde på kvar dag, også i dei fleste helgene.

Det er Baneservice AS og Norsk Jernbanedrift AS som utfører arbeidet.

Nyreinska pukk og stabilt underlag til mindre slitasje på togsetta og reduserer behovet for vedlikehald.

Nytt underlag gir også meir behageleg togtur for passasjerane på stødig underlag. Det blir også mindre støy og vibrasjon i terrenget og reduserer risikoen for solslyng om sommaren og skinnebrot i den kalde årstida.

Pukkvaskinga skjer ved at maskineriet tek tak i pukken 30 centimeter under svilla og lyftar pukken inn i reinseanlegget. God pukk blir vaska og lagt tilbake, dårleg pukk blir sendt til miljøoppfølging og erstatta med ny.

Sjekk rutetider på vy.no