Bergensbanen, Randsfjordbanen og Flåmsbana digitaliserast

Bane NOR fornyar jernbanen sitt signalanlegg over heile landet. Utdatert teknologi erstattast med eit digitalt signalsystem som er felles for alle europeiske land, European Rail Traffic Management System (ERTMS). Førebuande arbeid på Bergensbanen har starta.

Illustrasjonsfoto fra Bergensbanen. Foto: Øystein Grue, Bane NOR

Det første me gjer er å bygge føringsveg for kablar på stasjonar, planovergangar og blokkpostar. Me grev og ned fundament og etablerer straumforsyning for nytt teknisk hus på stasjonar og blokkpostar. I løpet av 2020 og 2021 skal NRC Group gjere denne jobben på Bergensbanen, Randsfjordbanen, Flåmsbana og strekninga mellom Roa og Hønefoss. Det vil bli gjort arbeid frå Skotselv til Arna, Myrdal til Flåm og frå Roa til Hønefoss.

 

Stor aktivitet på anleggsområdet

Nokre av dei som bur nær jernbanen, vil bli prega av arbeidet. For å bygge føringsvegar brukar me gravemaskin, hjullastar og dumper. Det kan av og til verta nødvendig med støyande arbeider som pigging av fjell og tilpassing av betongelement.

Arbeida skal utførast i og ved jernbanesporet. Av omsyn til både togtrafikken og tryggleik til mannskapet ute i sporet, må noko av jobben gjerest i periodar der togtrafikken er avgrensa. Det vil seie mellom klokka 19.00 og 07.00, også i helgene.

Arbeidet vil flytte seg langs jernbanen i takt med framdrifta. Varigheit på arbeida vil avhenge av omfanget som er ulikt frå stad til stad. Dei næraste naboane til jernbanen vil få varsling via SMS med meir informasjon ved nattarbeid og annan kritisk informasjon.

Alternativ overnatting

I samband med støyande arbeid på nattetid tilbyr Bane NOR alternativ overnatting for spesielt råka naboar. Dette må avtalast og bestillast av Bane NOR på førehand.

Har du nokre spørsmål?

Er du nabo til jernbanen, og ønsker informasjon om arbeida nær deg, kontakt byggeleder Thomas Kåsa på e-post eller telefon: 957 86 295 (tilgjengeleg på dagtid kvardagar). Annars kan du ta kontakt med vårt kundesenter477 70 098 (opent kvardagar 08-19; laur/søn 09-15).

Her finn du meir informasjon om ERTMS i Norge