Invitasjon til opning av Kvam kryssingsspor 15. november

Bane NOR har sidan februar bygd nytt kryssingsspor på Kvam stasjon. 196 millioner kroner er investert i skjener, svillar, pukk, leidningsnett og signalanlegg. Målet er at 128 trailarar i døgnet heller skal ta toget.

Foto: Bane NOR

Lengre tog og dermed meir gods frå veg til bane skal gjere Gudbrandsdalen grønare og tryggare. Velkomen til markering og opning fredag 15. november klokka 13.10 ved pakkhuset på Kvam stasjon.

13:05  Inviterte gjestar sørfrå går på regiontoget på Vinstra stasjon.

13:12  Togpassasjerar og andre gjestar blir ønska velkomen med gløgg og lett underhaldning.

Deretter blir det tale for dagen ved Vibeke Aarnes, konserndirektør i infrastrukturdivisjonen i Bane NOR. Ordførar Rune Støstad frå Nord-Fron kommune står for den offisielle opninga.

Det blir helsingar, underhaldning og servering. Velkomen!