No går det tog over nytt kryssingsspor på Kvam

Klokka 02.40 18. september gjekk det første toget over det nye kryssingssporet på Kvam. Då var ei 96 timars intens arbeidsøkt nett ferdig.

Denne artikkelen er eldre enn ett år.

Byggeleiarane Per Kristian Hansen og Eirik Ressem Strøm i djup konsentrasjon. Foto: Jan Gunnar Sølberg

Utkopling av det midlertidige sikringsanlegget og innlegging av det nye.  Det var den største oppgåva under ei 4 døgns lang arbeidsøkt på Kvam stasjon. Halvannan time før det første toget gjekk over det nye kryssingssporet, var målet nådd. Alt er klart for togdrift over nytt anlegg.

Allereie dagen før hadde tverrfagleg kontrollingeniør Tom Kenneth Rudihagen på vegne av banesjefen underteikna ein såkalla overleveringsprotokoll. Då var kontaktleidningsanlegget kontrollert og det var gitt ein aksept for å ta over høgspentdelen av anlegget. Deretter kjem sluttkontroll på signal og linje.

- Dette dokumenterer at prosjektet har levert eit kryssingsspor slik at banesjefen kan ta over ansvaret for tryggleiken på banen, understrekar Rudihagen.

Tom Kenneth Rudihagen og Jan Gunnar Sølberg signerer protokoll. Foto: Per Kristian Hansen

Nybrottsarbeid

Arbeidet med bygging av nye Kvam kryssingsspor har gått fort sidan totalentreprisen vart underteikna 30. januar.

Prosjektet har bygd eit nytt midlertidig sikringsanlegg. Det har fungert sidan avbrotet i august og fram til at det nye permanente anlegget no blir kopla inn.  Anlegget er utvikla og designa for gjenbruk og skal herifrå og til Ler. – Dette er eg litt stolt over at vi har fått til, fortel byggeleiar på signal, Eirik Ressem Strøm.

Han hoppa på i fart

Prosjektleiar Jan Gunnar Sølberg er snart ferdig med sitt første utbyggingsprosjekt på jernbanen. Det har vore ei intens tid.

- Det er viktig å vere til stades når vi har stor aktivitet for å sjekke at vi held framdrift. At det vi har sagt vi skal gjere, blir gjort. Det er i slike brot- når toga står - at dei vanskelegaste operasjonane blir gjort. Det å ha ekstra oppfølging da, er viktig.

Ein milepæl vart nådd denne helga og no gjenstår små justeringar før kryssingssporet offisielt blir opna 15. november.

Kathrine Birkeland Djønne (Bane NOR), Bjørn Even Bru (Netpartner) og Geir Pynten (Bane NOR) sjekker kontaktleidningen. Foto: Jan Gunnar Sølberg

Når arbeidet er avslutta er kryssingssporet forlenga frå 517 til 881 meter. Dermed kan to lange godstog på inntil 690 meter krysse kvarandre utan unødig tap av tid. Dette er ein del av Bane NORs strategi om å få meir gods frå veg til bane og og såleis eit bidrag til det grøne skiftet.