Arbeid på Kvam stasjon 14. – 18. september

Bane NOR driv med vedlikehald og fornying av jernbanen i Noreg. Dette er viktig for å halde banane opne og i god stand. Arbeidet som blir gjort i dei periodane då banane blir stengde, fører til betre komfort, tryggare drift og fleire tog i rute.

Døgnkontinuerleg arbeid på Kvam kryssingsspor 14. – 18. september

Kva skal vi gjere?

Frå natt til laurdag 14.september klokka 04.00 og i 96 timar framover vil det ikke gå tog gjennom Kvam stasjon. I denne perioden skal et 30-tals signal- og sporfolk gjennomføre den store omkoplinga av det nye signalanlegget. Samtidig tek vi i bruk nye sporvekslar og nytt køyretrådanlegg. Alt dette for å gjere dei nye spora – spor to, tre og fire klare til bruk. 

Før dei nye kryssingsspora blir tekne i bruk på Kvam 19. september må det gjerast ei omfattande omleggjing og ikkje minst testing av det nye anlegget. Det er grunnen til at togtrafikken må stå i fleire døgn medan dette pågår.

Vy set opp buss for tog i denne perioden.

Sjølv om dette arbeidet går føre seg døgnet rundt , vil det ikkje vere særleg støyande arbeid. Natt til laurdag og natt til søndag kan det i heilt korte perioder bli naudsynt å utføre oppgåver som kan lage litt støy. Dette er arbeid med kapping og sveising av skinner og bruk av gravemaskiner til monteringsarbeid langs skinnene. Det vil bli teke særleg omsyn til innsovingsperioden mellom klokka 23.00 og klokka 01.00.

Klokka 02.40 18. september køyrer det første toget over nye Kvam kryssingsspor. Sporet er då forlenga frå 517 til 881 meter. Med nye sporvekslar nord og sør for stasjonen og nytt signal- og kontaktleidningsanlegg kan to lange godstog på inntil 690 meter køyre samtidig inn på stasjonen i kvart sitt spor og krysse kvarandre.  Ei trygg og effektiv løysing utan unødig tap av tid. Dette aukar kapasiteten for godstrafikk på Dovrebanen.

Litt etterarbeid står att

I vekene fram mot november er det berre etterarbeid og finpuss som står att før Bane NOR seier seg ferdig med prosjektet Nytt kryssingsspor på Kvam. Då vil vi by inn på ei offisiell opning og markering av denne milepælen.

  1. For at du skal få best mogleg service, ber vi deg om å sende epost til tognabo@banenor.no dersom du treng meir informasjon. I spesielle tilfelle, og etter avtale med Bane NOR, tilbyr vi støyutsette naboar overnatting på hotell.

Merk meldinga med Kvam kryssingsspor.