Anleggsarbeid stengjer Vossebanen midt på dagen i tre veker
I perioden 4.4.-21.4. 2016 skal det utførast viktige fornyings- og vedlikehaldstiltak på Vossebanen. Derfor blir strekninga stengd for togtrafikk måndag-fredag i tidsrommet 9.05-15.30, og det blir sett inn bussar i staden.
Denne artikkelen er eldre enn fem år.
Det er svært tett trafikk på Vossebanen, derfor er det dessverre nødvendig å innstilla toga i periodar for å få utført påkravd opprusting og vedlikehald av infrastrukturen, samstundes som dei auka midlane skal nyttast med best mogeleg effekt.
I den nemnde perioden i april skal m.a. følgjande utførast:
- Utbetring av dreneringsanlegg
- Sporabeid
- Flaumsikring langs Vosso
- Rassikring
- Rehabilitering av takkonstruksjonen i toghallen i Bergen
- Skogrydding langs linja
- Plating i tunnelar
- Kontroll og utbetring av elektroanlegg
- Arbeid med naudlys i Hernestunnelen
Dei reisande finn meir detaljert informasjon på NSBs nettsider, eller dei kan ta kontakt på NSBs kundesenter på tlf. 81500888.
Sjølv om det ikkje går ordinære tog i det nemnde tidsrommet, vil det kvar dag gå arbeidstog til ulike tider på dagen. Ein må derfor forhalda seg til sporet som normalt:
Tog kan ventast til ei kvar tid.