Flaum- og rassikring på Bergensbanen
Bergensbanen har store utfordringar knytta til ras- og flaumfare. Gjentekne gonger blir banen stengd på grunn av ras, rasfare eller flaum. Jobben med å gjere banen betre i stand til å takle vér- og klimautfordringane er omfattande og går føre seg kontinuerleg.
Denne artikkelen er eldre enn fem år.
Vossebanen går gjenom eit terreng som set store krav til sikring av banen best mogeleg mot ras og flaum. Gjennom fleire år har Jernbaneverket utført prosjekt for betre drenering og sikring av sideterrenget langs banen.
- Det siste året har vi jobba mykje på strekninga frå Stanghelle til Vaksdal og Trengereid, fortél prosjektleiar Karl Morten Undal. Tidlegare er det gjort omfattande åtgjerder frå Bulken til Evanger. –Vi er nå inne i femte året med dette prosjektet og ser for oss at vi må halde fram i fleire år enda. Det vi i hovudsak gjer er å reinske opp og utvide i banens linjegrøfter og stikkrenner, vi reinsker opp det nærliggjande terrenget ovafor banen og sikrar dette ved å byggje såkalla Sognemur der det er naudsynt. Denne muren er laga av impregnerte materialar som vert foranka med boltar i fjellet som skal sikre terrenget mot utglidingar ned mot linja. Vidare blir det hengt opp rassikring i form av nett i fjellet på utsette stader for å sikre slik at ein ikkje får steinsprang. –Vi ser at dette gir gode resultat på dei strekningane der vi ferdige, fortél Undal. Ved stor nedbør, som under flaumen sist haust, så fungerte dreneringa langs banen godt på dei strekningane vi hadde utført drenerings- og sikringsprosjektet.
Sikring mot storflaum
Etter storflaumen i oktober 2014 skal det i år og neste år gjerast fleire store sikringsarbeider langs vassdraget Vosso og Bolstadelva. Vassmengdene var da så store at elva nådde opp til og vaska ut under og i ssjølve sporet på fleire stader. Istandsettinga sist haust gjekk ut på å fylle på stein raskast mogeleg for å få trafikken i gang att. Nå skal utbetringane og sikringstiltaka gjerast meir permanente. Dette går ut på å byggje nye murar langs elva og ved å gjere steinfyllingene ut mot elva breiare og meir solide. Ved Ho tunnel der elva Vosso på det høgaste gjekk gjennom jernbanetunnelen, skal det støpast ein sikringsmur for å hindre dette i å skje på nytt.
Bogelia
Denne våren har det fleire gangar gått store ras i Bogelia like vest for Vaksdal. Strekninga har alltid vore rasutsett og rasoverbygga som blei sett opp for å sikre jernbanen så tidleg som på 1920-tallet, har fungert etter hensikta. Banen har likevel blitt stengd etter desse rasa av di det har kome store mengder leire, slam og vatn i jernbanetraseen. Riksveien ligg utanfor jernbanen på staden og rasmassar kjem daattende ned i sporet etter fyrst å ha gått over banen på rasoverbygga. - Dette jobbar vi med i desse dagar saman med Statens vegvesen om for å sikre oss betre mot, fortél Karl Morten Undal. Det byggjast nå ein mur langs E-16 som vil hindra at dette kan skje flere gonger.
Ny bane?- Denne typen prosjekt er utan tvil noko av det viktigaste vi kan gjere innanfor vedlikehald og fornying for å få Bergensbanen meir robust, seier banesjef på Bergensbanen vest, Bjørn Skauge. Så lenge vi følgjer den gamle traséen frå 1883 blir vi nok aldri heilt ferdige med rassikrings- og dreneringstiltak. Når vi ser på heile denne strekninga frå Bulken og vestover så er det store utfordringar der banen følgjer den opprinnelege traséen. I tillegg er dette ein trasé med krappe kurver og låg hastigheit, sier Skauge. Så har vi nokre nyare og lengre tunnelar og rasoverbygg som løyser problema på delstrekningar innimellom. Men det er klart at det einaste som kan gje oss ein bane med moderne standard og hastigheit, med trygge tilhøve under alle værtyper, er ei ny linje. Som kjent vert det arbeidd med eit felles prosjekt for ny E16 og Vossebanen der ein nå ser på korleis ei trinnvis utbyggjing kan gje god effekt etter kvart. –Men inntil vidare må den gamle linja sikrast så godt som mogeleg, -det er kvardagen vår, sier Skauge.