Viktig tryggleikstiltak på Ualand

I løpet av året skal fire planovergangar leggjast ned mellom Ualand og Helleland på Sørlandsbanen. Eit omfattande spleiselag gjer tiltaket mogeleg og arbeida er nå i gang.

Denne artikkelen er eldre enn fem år.

Denne og ytterlegare tre planovergangar ved Ualand på Sørlandsbanen blir nå fjerna og erstatta med ny undergang under sporet. <strong> Foto: Njål Svingheim</strong>
-Dette er vi veldig glade for, seier byggeleiar Edmund Birkeland. Det er nok nærare 20 år sidan vi først tok til å jobbe for å få fjerna desse fire planovergangane. Tre av dei er usikra landbruksovergangar, medan den fjerde har halvbomanlegg. I løpet av hausten vil alle fire bli lagt ned og erstatta av ein ny undergang.
SpleiselagByggjeleiar Edmund Birkeland.
Det er eit spleiselag mellom fleire instansar som gjer tiltaket mogeleg. Lund kommune, Rogaland fylkeskommune, Statens vegvesen og Jernbaneverket er alle med for å gjere trafikksituasjonen tryggare i området ved Revsland,  ikkje langt fra Ualand stasjon.

Til samanvil anlegget kome på fleire titalls millionar kroner. Årsaka er at det i tillegg til den nye undergangen under jernbanen må byggjast fleire kilometer med ny veg for å få gode adkomsttilhøve for både ein fylkesveg og for landbruket. Arbeidet starta opp i mai og siste helga i september skal den nye undergangen leggjast inn under sporet. Deretter skal planovergangane stengjast så snart veganlegga er fullførte.

Populært tiltak
-Det har vore fleire stygge episodar knytt til desse planovergangane, seier Edmund Birkeland.  Både i form av dyrepåkyørslar i samband med at dyra skal til og frå beite og i form av nestenulukker. -Sjølv om den mest trafikkerte planovergangen er sikrea med halvbomanlegg, vil det bli ei stor betring å få all trafikken samla i den nye undergangen, seier han.  Derfor er det eit populært tiltak i området det som nå skjer. Også av- og påkøyringstilhøva på E39 blir betre som følgje av dette tiltaket slik at den totale trafikktryggleiken blir vesentleg bedre. Det er Stangeland entreprenør som utfører arbeida.

Gjennom dei siste ti åra har Jernbaneverket fjerna og lagt ned meir enn 1100 planovergangar.
Anlegget omfattar byggjing av til saman fleire kilometer med ny veg. Her kjem den nye fylkesvegen fram mot der undergangen skal leggjast inn under jernbanen. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong>