Kunde- og trafikkdivisjonen

Kunde- og trafikkdivisjonen har ansvar for den operative trafikkstyringa, operasjonell ruteplan, avtaler med togoperatører og informasjon til dei reisande.

Organisasjonskart Kunde- og trafikk

Trafikken på jernbanen i Noreg

I 2016 reiste meir enn 74 millionar passasjerar med tog i Noreg der 58 millionar var lokalreisande og 10 millionar var intercity-reisande. Inkludert malmtransport og grenseoverskridande trafikk blei det frakta meir enn 34 millionar tonn gods i 2016. Om lag 10,7 millionar tonn var innanlands godstrafikk.

Organisering av Kunde- og trafikkdivisjonen

Kunde- og trafikkdivisjonen består av ei stabseining i Oslo, dei regionale avdelingene Trafikk Aust, Sør/Vest og -Nord, samt Ruteplan, Kunde- og trafikkinformasjon, Persontrafikk og Godstrafikk. Divisjonen har ca 900 tilsette. Dei fleste er fordelte på dei tre regionale områda.

Trafikkstyring

Kunde- og trafikkdivisjonen har i dag åtte trafikkstyringssentralar som er lokaliserte i Oslo, Drammen, Kristiansand, Stavanger, Bergen, Hamar, Trondheim og Narvik. I tillegg er det stasjonert trafikkstyrarar på ca. 65 betente stasjonar der dette er nødvendig av omsyn til togtrafikken. I tillegg nyttar ein trafikkstyrarar til å betene "ubetente" stasjonar ved bl.a. større utbyggingar.  

Fjernstyring

Trafikkstyringa skjer ved hjelp av fjernstyring på det meste av jernbanenettet. Pr. 1.1.2017 er det følgjande strekningar med rutegåande tog som ikkje har fjernstyring: Mosjøen – Bodø, Røros – Støren, Hell – Storlien, Dombås – Åndalsnes, Kongsvinger – Elverum, Mysen – Sarpsborg (Austre line), Roa – Gjøvik, Myrdal – Flåm, Nelaug – Arendal.  

Bane NOR arbeider med vidareutbygging av fjernstyring på Nordlandsbanen der strekninga Grong – Mosjøen – Bodø er under anlegg.

Leiarar i Kunde- og trafikkdivisjonen

  • Konserndirektør kunde og trafikk: Bjørn Kristiansen
  • Trafikkområde Aust: Trafikksjef Lars Ola Bækkevold
  • Trafikkområde Sør/Vest: Trafikksjef Tom Dahle
  • Trafikkområde Nord: Trafikksjef Øyvind Brustad
  • Kunde- og trafikkinformasjon: Victor Hansen
  • Persontrafikk: Cecilie Pindsle 
  • Ruteplan: Jan Harald Dammen
  • Godstrafikk: Oskar Stenstrøm
  • Økonomi: Hilde Bekier-Larssen
  • HR: Hanne Cappelen
  • Sikkerhet og kvalitet: Kjersti Amalie Myklebust
  • Administrasjonsstab: Elzbieta Jankowski
  • Kommunikasjon og samfunnskontakt: Randi Folke-Olsen

Fakturaadresse for Bane NOR

Bane NOR SF
Postboks 4350
2308 Hamar

Oppgje kontaktperson og koststad for å lette fakturabehandlinga.
Organisasjonsnummer for alle einingar i Bane NOR er 917 082 308.