Hektisk byggeverksemd på Bergen stasjon i sommar

Frå 22. juli til 5. august blir det endringar i togtilbodet mellom Arna og Bergen. Då går me i gong med siste etappe av byggeprosjektet på strekninga.

Sist oppdatert: 1. august kl. 16.00

Her skal det arbeidast i sommar, ved Bergen stasjon. Foto: Trond Tollefsen, Bane NOR

Nå erstattast dagens overbelasta enkeltspor av eit moderne dobbeltspor. Det styrkar kapasiteten for båe persontrafikk og godstog, og legg samstundes til rette for raskare reiser.

Den lenge planlagde sommarjobben på Bergen stasjon, gjer at strekninga mellom Bergen og Arna må stenges – først delvis og seinare heilt – i perioden frå 22. juli til 5. august.

– Det blir nokre sommardagar med hektisk verksemd i spora på Bergen jernbanestasjon. Arbeidet er ein del av siste etappe av dobbeltsporet som skal legge til rette for auka hastigheit og meir fleksibel ruteplanlegging, fortel prosjektsjef Eivind Farestveit Larsen, i Utbygging Vest, Bane NOR.

Sporarbeid i eit travelt område

Frå fredag 22. juli til måndag 25. juli er togtilbodet redusert. Frå tysdag 26. juli er alle toga innstilt.

– I denne perioden skal me mellom anna rive gamle og byggje nye spor i innkøyringa til stasjonen. I tillegg skal det byggast anlegg for kontaktleidningar og signaler, forklarer Farestveit.

Alternativ transport og trygg ferdsel

Vy set opp busser medan banen er stengt. Detaljar om bussopplegget finn du på Vy sine nettsider.

Farestveit minner om at det er farleg og forbode å ferdast i eller nær jernbanespora og høgspenningsanlegga.

– Sjølv om den vanlege togtrafikken er innstilt, kan det koma arbeidstog på sporet kva tid som helst, seier han.

Fakta om arbeidet på Bergensbanen

På Bergensbanen bygger me dobbeltspor mellom Bergen og Arna, og moderniserer godsterminalen på Nygårdstangen til å bli landets mest miljøvenlege terminal. På strekningen frå Fløen til Arna har me bygt ein ny tunnel gjennom Ulriken, og me er godt i gong med å rehabilitera den gamle. Dei to tunnelane vil til samen utgjere dobbeltsporet gjennom fjellet.             

Arbeidsområde ved Verkstedet. Foto: Trond Tollefsen, Bane NOR