Voss herad godkjende plan for Bolstadøyri kryssingsspor

Bane NOR har utarbeidd ein detaljplan for å forlenge kryssingssporet på Bolstadøyri. Planen fekk full støtte i Voss heradsstyre den 18. juni.

Prosjektet på Bolstadøyri inneber mellom anna å erstatte planovergangen med ei overgangsbru for fotgjengarar og ei ny vegbru over elva. Foto: Sune Eriksen

Bergensbanen slit med fleire flaskehalsar der kryssingsspora er for korte til at lange godstog kan møte kvarandre. Prosjektet på Bolstadøyri vest for Voss inneber å forlenge kryssingssporet slik at 600 meter lange godstog kan møtast. Stasjonen skal få lengre plattformer og ny overgangsbru med trapp og heis. I tillegg skal det byggjast ei bilbru over jernbanen og Bolstadelvi slik at planovergangen på stasjonen kan leggjast ned.

Voss heradsstyre hadde detaljplanen oppe på sitt møte torsdag 18. juni. Her godkjende politikarane samrøystes ei reguleringsendring.

– Det er ein milepåle å få godkjend planen lokalt. Me har hatt god dialog undervegs og har mellom anna fått innspel til korleis me best kan ta omsyn til laksen i Bolstadelvi. Neste steg vert å sende planen til Jernbanedirektoratet for vidare handsaming, seier prosjektleiar Karl Morten Undal.

Jernbanedirektoratet tek avgjerd om investering og prioritering opp mot andre prosjekt. Det har vore ein lang veg for prosjektet på Bolstadøyri, og det er framleis ein del usikre faktorar før finansiering og framdriftsplan for bygging er på plass.

Bygginga er berekna til om lag fire år. Planen er å starte med den nye vegbrua. Den kan truleg takast i bruk det tredje året i byggeperioden. Deretter kan ein leggje ned planovergangen og byrje på det nye kryssingssporet. Til slutt kjem overgangsbrua og nye plattformer. Kostnadene er berekna til 450-500 millionar kroner.