Rallarvegen får ny bru – vegen stengd 14. til 18. september

Bane NOR skal skifte ut brua ved Lågheller på Rallarvegen langs Bergensbanen. Vegen vert stengd mellom Finse og Hallingskeid frå måndag 14. til fredag 18. september.

Brua ved Lågheller er moden for utskifting. Foto: Marius Arnesen, haugastol.no

Rallarvegen er ein av landets mest populære sykkelvegar. Bane NOR har ansvar for å vedlikehalde den historiske vegen, eit arbeid som må skje etter strenge reglar.

Toler ikkje fleire vintrar

Like vest for Finsetunnelen ligg Lågheller, kor Rallarvegen kryssar elva.

– Den gamle trebrua er i dårleg stand og toler truleg ikkje ein vinter til. Difor må me skifte ho ut før vinteren kjem. Sidan snøen smelta seint og sykkelsesongen vart kort i år, har me venta i det lengste. No er sesongen for sykkeltoget avslutta, og me stengjer vegen i ei knapp veke, fortel byggjeleiar Håkon Berge i Bane NOR.

Det vert sett opp sperringar på Finse og Hallingskeid for å unngå at folk legg ut på tur i god tru og vert overraska når dei ikkje kjem vidare ved Lågheller. Det finst ingen annan veg over elva enn brua som no skal skiftast ut.

Arbeidsplan

Arbeidet startar 14. september og er berekna å vara i fire dagar. Jobben går ut på å rive eksisterande bru, ordne opp i grunnforholda på begge sider og byggje opp ny bru. Melcon AS skal utføre jobben på oppdrag frå Bane NOR.

Det er berre mellom Finse og Hallingskeid Rallarvegen er stengd. Strekningane Haugastøl–Finse og Hallingskeid–Vatnahalsen–Flåm er opne for sykling og fotturar som vanleg.

Oppdaterte føremeldingar frå Haugastøl turistsenter finst på rallarvegen.com

Kontaktpersonar

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål.
Prosjektleiar Ketil Thorsen, tlf. 482 08 908
Byggjeleiar Håkon Berge, tlf. 900 57 894

Lågheller bru ligg vest for Finse.