Mykje snø kan gi sein opning av Rallarvegen

Rekordmykje snø i fjellet gjer at dei høgste delane av Rallarvegen vil vere snødekte til langt utpå sommaren. Dei delane av vegen som er snøfrie, ser ut til å ha klart seg bra gjennom vinteren.

Rallarvegen ligg på høgfjellet, opptil 1343 meter over havet. Slik ser det ut i Bodladalen vest for Hallingskeid den 11. juni. Foto: Olav Hande

I år er det Norgesferie som gjeld, og reiselivet melder at uvanleg mange nordmenn ønskjer å sykle Rallarvegen langs Bergensbanen. Den 80 kilometer lange anleggsvegen går frå Haugastøl over Finse til Myrdal, og vidare langs Flåmsbana ned til Flåm. Kvar sommar brukar rundt 20 000 turistar å sykle heile eller delar av turen.

God tilstand

Det er vanlig at det ligg snø på delar av vegen til byrjinga av juli, men i år har ekstreme snømengder og ein kald mai skapt ein spesiell situasjon.

– Det er framleis uvanleg mykje snø på vegen, og det har også gått fleire ras. Sjølv om det smeltar godt no, står svært mykje att før syklistane kan kome seg over høgfjellet mellom Finse og Hallingskeid, seier prosjektleiar Jon Hermann Rivenes i Bane NOR.

Det er råd å sykle mellom Myrdal og Flåm. Lengst aust er Rallarvegen snøberr det første stykket frå Haugastøl til Tungevatnet. Vidare mot Finse er det planlagd brøyting slik at vegen her kan vere farbar frå om lag 15. juli.

– På vestsida har me godt håp om at strekninga Hallingskeid–Myrdal er nokolunde fri for snø første helga i juli. Dei delane som ikkje lenger er snødekte, ser ut til å ha klart seg bra gjennom vinteren. Me er optimistiske med tanke på tilstanden på vegen, seier Rivenes.

Bane NOR brukar kvart år ressursar på å sikre og halde vegen ved like. På planen i år står reparasjon av stikkrenner, reinsking av grøfter, grusing og generelt vedlikehald.

Framleis mykje snø ved Hallingskeid den 15. juni. Foto: Tor Veslegard.

Får hjelpe snøsmeltinga

Bane NOR er i gang med å skifte ut gamle snøoverbygg på Bergensbanen, og mannskapet har nytte av Rallarvegen som tilkomstveg.

– Me har ei felles interesse med reiselivet i at heile vegen vert tilgjengeleg så snart som råd. Utfordringa er strekninga mellom Finse og Hallingskeid, som ligg høgast til fjells og er eit verdifullt kulturminne, seier Rivenes.

Aurland Næringsråd søkte Ulvik herad om å få framskunde smeltinga med brøyting og åting (å strø mørk kalk på snøen). Heradsstyret i Ulvik vedtok i møtet sitt den 17. juni at ein kan åte på strekningane Storurdi–Finse og Hallingskeid–Klevavatnet. Strekninga Finse–Lågheller skal derimot få smelte naturleg av omsyn til villreinen, avgjorde politikarane. Etter ein hard vinter og kald vår, meinte heradsstyret at ulempene for villreinen vart for store dersom en skulle nytte motorkøyretøy på vegen.

– Eg vil oppmode dei som planlegg sykkeltur til å følgje med på nett og i media når det gjeld sesongopninga. Ha respekt for ver og føre i høgfjellet, så kan de få ein flott tur på Rallarvegen, seier Rivenes.

Her finn du våre praktiske tips om sykling på Rallarvegen.

Fredag den 3. juli byrjar Vy å køyre det såkalla sykkeltoget til fjells. Haugastøl turistsenter har open overnatting og sykkelutleige. I den vestlege enden av Rallarvegen er Vatnahalsen hotell ope frå slutten av juni.

Hotell Finse1222 og Finsehytta held stengd heile sommaren på grunn av koronasituasjonen og oppussing.

Ved Reinunga langs Flåmsbana er det mogleg å ferdast på Rallarvegen. Foto: Olav Hande