Godstog spora av i Hallingdal

Bergensbanen vart opna for normal trafikk laurdag føremiddag etter at eit godstog spora av vest for Flå på torsdag.

Seks vogner på godstoget hadde heilt eller delvis spora av. (Foto: Bane NOR)

Toget var på veg frå Bergen mot Oslo då avsporinga skjedde ved Oldebråten vest for Flå stasjon like før klokka 15.00 torsdag 25. juni.

Fredag avslutta Havarikommisjonen for transport sitt arbeid på staden, og dei avspora vognene vart berga. Vognene er trekte inn til Flå stasjon.

Utover dagen fredag og natt til laurdag var mannskap frå Spordrift i sving med å utbetre sporet. Om lag 300 sviller måtte byttast og 160 meter spor leggjast på plass før det kunne gå trafikk på strekninga. Kontaktleidningsanlegget var ikkje skada.

Dermed kunne Bergensbanen opnast for normal trafikk laurdag klokka 10.40.

Kontaktpunkt for media

Bane NORs pressevakt: 91 65 65 65

Berging av dei avspora vognene starta tidleg fredag. (Foto: Bane NOR)