Arbeid på Vossebanen – buss for tog på dagtid

Frå måndag 23. mars til og med fredag 27. mars skal Bane NOR vedlikehalde jernbanen mellom Voss og Bergen. Vy set opp buss for tog på dagtid, medan toga går som vanleg resten av døgeret.

Rutinekontroll av kontaktleidningen er viktig for trygg og punktleg togtrafikk (Arkivfoto: Bane NOR)
Fornying, vedlikehald og kontroll av jernbanen er viktig for at passasjerar og gods skal kome trygt fram i rett tid. Siste veka i mars har Bane NOR sett av tid til arbeid som krev ein lengre periode utan togtrafikk, mellom anna tunnelvedlikehald, skifte av drivmaskiner på sporvekslar, skogrydding langs banen og rutinekontroll av spor, kontaktleidning, signal- og teleanlegg. 
 
Utbygginga av dobbeltspor mellom Arna og Bergen held fram med bygging av støttemur, grøfting, prøveboring langs sporet og i gamle Ulriken tunnel og fleire andre oppgåver.
 
Togtilbodet vert redusert på dagtid mellom klokka 9.15 og 15.00 måndag 23. til og med torsdag 26. mars. Fredag 27. mars vert strekninga opna tidlegare slik at toget frå Voss kan gå vestover klokka 13.46. Informasjon om kvar avgang finst på nettsida til Vy og i Vy-appen, samt i appen «NÅ» frå Bane NOR.
 

Alternativ transport

Vy set opp buss mellom Voss og Bergen. For regiontog til Oslo og Ål køyrer bussane frå Bergen før den vanlege rutetida, slik at toget kan gå i rute frå Voss. Her finn du riktig buss:
  • Buss frå Bergen til Arna går frå perrong I utanfor Bergen busstasjon.
  • Buss frå Bergen til øvrige stasjonar går frå jernbanestasjonen, utanfor ved Hotell Terminus.
  • Buss frå Arna går frå busshaldeplassen på sjøsida, aust for den nye bussterminalen.
  • Alle bussar til Bergen køyrer inn på perrong P ved Bergen busstasjon.

Trygg ferdsel

– Av omsyn til kundane våre forsøker me å halde talet på stengingar på eit minimum. Tett trafikk på strekninga og eit etterslep på vedlikehaldet gjer at dette arbeidet er heilt naudsynt. På fem dagar får me gjort unna mykje, seier banesjef Bjørn Skauge. 
 
Som følgje av koronaviruset og smittefaren vil Vy og Bane NOR vurdere situasjonen fortløpande og følgje råd og retningsliner frå styresmaktene. I tillegg til å avgrense smitte er det viktig å halde samfunnshjula i gang så langt det er råd.
 
Bane NOR minner om at det er farleg og forbode å ferdast i eller nær jernbanesporet og høgspenningsanlegga. Sjølv om den vanlege togtrafikken er innstilt, kan det kome arbeidstog på sporet når som helst.