Slik påverkar byggearbeid Bergensbanen i 2019

Bergensbanen vert stengd i korte periodar i løpet av året for vedlikehald og utbygging. Her finn du oversikta over planlagd arbeid og alternativ transport.

Spesialtoget som reinsar massane under sporet kjem til den austlege delen av Bergensbanen våren 2019. Foto: Andrea M. Rodriguez

Jamleg fornying og vedlikehald av jernbanen er viktig for at passasjerar og gods skal kome trygt fram i rett tid. Bane NOR gjer unna mykje arbeid mellom passerande tog. Dei oppgåvene som krev lengre økter utan trafikk, vert planlagde i god tid. NSB set opp bussar eller anna alternativ reise for passasjerane.

– Me veit kor upraktisk det er for kundane våre når banen er stengd, men håpar dei set pris på resultatet av arbeidet. I år held me fram med å erstatte gamle snøoverbygg på fjellet med nybygg i stål. Andre oppgåver er rassikring, fornying av skjener og sviller, samt kontroll av tunnelar og andre anlegg, fortel områdedirektør Tony Dæmring i Bane NOR.

Arbeidet med Arna stasjon og ny tunnel gjennom Ulriken held fram for fullt i 2019.

Til våren kjem ei spesialmaskin til Bergensbanen for å reinse massane under sporet mellom Hønefoss og Gol. Dette gjer sporet meir stabilt og komfortabelt å køyre på.

Alternativ transport

– Me i NSB har forståing for at Bane NOR må gjere disse viktige utbetringane. Me vil gjere vårt for å tilby alternativ reise, og ser fram til at arbeidet på infrastrukturen kjem oss alle til gode, seier marknads- og kommunikasjonssjef Henning Lirhus i NSB.

NSB set opp buss for tog når Bane NOR arbeider på jernbanen. I nokre tilfelle vil bussane køyre tidlegare enn det som står i togruta for å korrespondere med tog vidare. Rutetidene for buss er oppdaterte på nsb.no og i mobilappen til NSB.

Forskaling til portalen til nye Ulriken tunnel mellom Arna og Bergen. Foto: Norvald Skjoldli

Arbeidsplan for 2019

  • 25.– 29. mars: Arbeid mellom Voss og Bergen måndag til fredag mellom kl. 9.10 og 14.55. Trafikken går som vanleg morgon og ettermiddag.
  • 6.–7. april: Arbeid mellom Arna og Bergen laurdag kveld til sundag føremiddag.
  • 13.–22. april: Arbeid mellom Asker og Drammen. Bergensbanen køyrer over Roa mellom Oslo og Hønefoss.
  • 2. mai–21. juni: Arbeid mellom Hønefoss og Gulsvik kvar natt fram til neste føremiddag. NSB køyrer buss mellom Oslo og Nesbyen.
  • 4.–5. mai: Arbeid mellom Voss og Bergen laurdag kveld til sundag føremiddag.
  • 18.–19. mai: Arbeid mellom Arna og Bergen laurdag kveld til sundag føremiddag.
  • 1.–2. juni: Arbeid mellom Arna og Bergen laurdag kveld til sundag føremiddag.
  • 22. juni–5. august: Arbeid mellom Asker og Drammen. Bergensbanen køyrer over Roa mellom Oslo og Hønefoss.
  • 5.–6. oktober: Arbeid på heile Bergensbanen mellom Hønefoss og Bergen. Det vert alternativ reise for alle regiontog på dagtid, men ikkje for nattoget mellom Oslo og Voss.

Sjå opp for arbeidstog

Sjølv om den vanlege togtrafikken er innstilt, kan det kome arbeidstog på sporet når som helst. Bane NOR minner om at det er livsfarleg og forbode å krysse jernbanen utanom planovergangar.