Rallarvegen er snart klar for syklistar

No smeltar snøen fort på Rallarvegen langs Bergensbanen. Frå slutten av juni kan du sykle fleire etappar av den populære vegen.

I midten av juni ligg det framleis snø på delar av Rallarvegen ved Finse. (Foto: Ingunn Halvorsen)

Rallarvegen vart etablert i 1895–1902 som anleggs- og transportveg til Bergensbanen. I dag er den Norges mest populære sykkelveg med om lag 20 000 turistar kvar sommar.

Den 80 kilometer lange grusvegen ligg høgt til fjells, og det varierer mykje frå år til år når vegen vert fri før snø. I år kan sykkelsesongen starte tidleg i juli.

Snøfritt lengst vest

– Det ser lyst ut for tidleg sesongstart i år, om ikkje så tidleg som i fjor. Mellom Hallingskeid og Flåm er det allereie bert, så du kan ta toget til Hallingskeid og sykle vestover. Den austlege delen frå Haugastøl til Finse vert truleg klar for sykling i slutten av juni, seier dagleg leiar Eldbjørg Kaupang ved Haugastøl turistsenter.

Den høgste delen av Rallarvegen, mellom Finse og Hallingskeid, er om lag 50 prosent snøfri i midten av juni. På Haugastøl opnar turistsenteret med sykkelutleige den 28. juni, medan Finsehytta startar sesongen to dagar seinare. Finse1222 opnar sitt hotell og sykkelutleige den 5. juli.

Mellom Haugastøl og Finse er det bert på store delar av Rallarvegen. (Foto: Ingunn Halvorsen)

Arbeid på vegen

– Rallarvegen har klart seg bra gjennom vinteren, og me er i full gang med årets vedlikehald. Arbeidet starta i Klevagjelet kor fleire murar skal utbetrast, fortel faggruppeleiar Jon Hermann Rivenes i Bane NOR.

Seinare i sommar skal ein entreprenør gruse og gjere vedlikehald både i Myrdalssvingane og mellom Kleven og Hallingskeid. Ein del småreparasjonar skal gjerast mellom Vatnahalsen og Kleven, og vegen skal utbetrast mellom Grjotrust og Finse. Aust for Finse skal brua i Grytå rustast opp med nytt dekkje og rekkverk.

– Entreprenøren kjem til å arbeide utover sommaren på ulike plassar. Det går fint å passere på sykkel så lenge ein er merksam på at maskiner og arbeidsfolk kan dukke opp rundt neste sving, seier Rivenes.

Vil du sykle på Rallarvegen i sommar?

banenor.no/rallarvegen finn du gode råd og lenkjer til andre nyttige nettsider.

Rallarvegrapportar om tilhøva på vegen kjem med jamne mellomrom frå Finse1222 og Haugastøl turistsenter.

Vegen vert rusta opp i Klevagjelet. Her kjem det rekkverk og grus på toppen. (Foto: Jon Hermann Rivenes)