Flåmsbana betre sikra mot flaum

I 2014 fossa vatnet inn over sporet på Flåm stasjon. Ein solid mur langs elva er siste etappe i sikringa mot nye flaumar.

Den nesten 100 meter lange muren sikrar Flåmsbana mot flaumvatn. Foto: Karl Morten Undal

Ei gravemaskin stablar naturstein opp i nær 100 meters lengde langs breidda på Flåmselvi. Frå toppen av fyllinga er det nokre få meter bort til den populære turistbana.

– Dette er den siste jobben i ein serie klimatiltak me har gjort for å sikre bana. Slik den ligg rett ved elva er det umogleg å sikre seg 100 prosent mot dei mest ekstreme vassmengdene, men me er mykje betre rusta enn før, seier prosjektleiar Karl Morten Undal i Bane NOR.

I oktober 2014 førte ekstrem nedbør til at elva gjekk over sine breidder og øydela for mange millionar kroner. Også stasjonsområdet og den nedre delen av Flåmsbana fekk merke flaumen, som vart klassifisert som ein 200-årsflaum.

– I 2016 starta me sikringsarbeidet med første del av sikringstiltak rett ved Flåm stasjon. Hausten 2018 fekk me godkjent denne siste delen like ved stasjonsområdet, fortel Undal.

Ved Melhus i nærleiken av Blomheller stasjon vart det lagt inn nye flaumrør ovanfor dei gamle stikkrennene for å auke kapasiteten ved stor vassføring. Her gjekk elva over både jernbanen og Rallarvegen under flaumen i 2014.

Både Bergensbanen og Flåmsbana er utsette for klimaendringar på grunn av bratte fjell, smale dalar og elvar som lett flaumar over. Drenering, rassikring og forsterking av fyllingar er difor viktige klimatiltak.

Kåre Istad frå Jordalen Entreprenør gjer ferdig muren langs Flåmselvi. Foto: Karl Morten Undal