Bergensbanen får nytt tak mot snøen

For tredje år på rad vert gamle trebygg på høgfjellet bytta ut med moderne bygg i stål. Snøoverbygga gjer at Bergensbanen kan frakte passasjerar og gods trygt over fjellet heile vinteren.

– Målet er å byggje lengre, smartare og raskare for kvart år. Det held oss skjerpa, seier byggjeleiar Jon-Anders Hefte (t.h.), her saman med arbeidsformann Rune Vikøren i Mesta. Foto: Ingunn Halvorsen

Då Bergensbanen stod ferdig i 1907, vart det klart for jernbanefolket at dei ikkje kunne halde banen fri for snø utan solide tak og veggar på dei mest utsette strekningane. Banen over Hardangervidda har i dag 11 kilometer med snøoverbygg, for det meste eldre trebygg.

Vinteren 1907–08 starta prøvedrifta av Bergensbanen utan tilstrekkeleg vern mot snøen. Her har eit persontog køyrd seg fast på fjellet i banens tidlege barndom. Foto: Ukjent/Norsk jernbanemuseum

– Me jobbar systematisk med å skifte ut dei eldste bygga. Nye stålbygg er meir solide, krev mindre vedlikehald og er sikrare mot brann, fortel prosjektleiar Karl Morten Undal. Dei nye bygga får dessutan vindauge slik at passasjerane kan sjå ut på Hardangervidda.

Rivinga av gamle trebygg starta tidleg i vår, som her aust for Hallingskeid. Foto: Rune Vikøren, Mesta

Skanning og skreddarsaum

I 2017 vart 120 meter snøoverbygg fornya, og prosjektet samla mykje erfaring om korleis ein kan bygge effektivt i den korte sesongen frå mai til november på høgfjellet. I fjor auka dei til nær 250 meter, og i år er 330 meter bygg snart fullført.

Bygga som vert fornya i år, vart skanna med drone i fjor for å vite nøyaktig kor mange fundament og kor mykje stål det var bruk for. Samstundes vart fjellsida over bygget sikra, slik at rivinga kunne starte så snart våren kom. Tilsvarande arbeid er no i gang for bygga som skal rivast og skiftast ut neste år. Nyleg forlenga Bane NOR avtalen med entreprenøren Mesta med eitt år.

Frede Skartun frå Mesta arbeider på takkonstruksjonen medan kollega Endre Rygg passar på frå bakken. Foto: Ingunn Halvorsen

Vêret styrer

Reisverket og stålplatene til tak og veggar kom på 27 vogntog frå Romania til Haugastøl stasjon. Derifrå vart alt frakta opp på fjellet med tog, sidan strekninga ikkje har vegsamband. For at togtrafikken skal gå som normalt, jobbar rallarane om natta. På det meste har over 50 mann vore i sving samstundes.

Anleggsarbeidet vert gjort mellom togavgangane, hovudsakeleg om natta. Når eit tog skal forbi, må alle maskinene inn til nærmaste stasjon. Foto: Ingunn Halvorsen

– Jobben er annleis enn alle andre, me er liksom fråkopla resten av verda. For ein som trivst på fjellet er det midt i blinken, men det kan vere tøffe tak. Sist søndag var me kliss våte etter ein time. Vinden ruska så kraftig i stålplatene at me måtte avbryte all løfting av omsyn til tryggleiken, fortel Rune Vikøren i Mesta.

I slutten av oktober er sesongen slutt for i år, og bygget må vere tett. Byggjeleiar Jon-Anders Hefte stadfestar at prosjektet er i rute.

Bygget i Tjoadalen vest for Hallingskeid like før dei siste stålplatene kom på plass. Foto: Ingunn Halvorsen

Snøoverbygg på Bergensbanen

  • Totalt 11 kilometer
  • Tre ulike bygg på totalt 330 meter er fornya i 2019
  • Takplatene er av 9 mm stål, 8 meter lange og veg 80 kilo
  • Snøoverbygga får vindauge og dører og vert breiare enn dei gamle trebygga
  • Mesta har vore entreprenør i tre år og held fram i 2020
  • Arbeidet vert gjort mellom togavgangane på nattestid
  • Prosjektet har eit budsjett på 75 millionar kroner per år