Stål i tak og veggar held snøen unna
Dei lokkar fram våren med snøfresar og byggjer på spreng heilt til snøen igjen kryp oppetter veggane. Å setje opp snøoverbygg på Bergensbanen er ikkje for pinglar.
Denne artikkelen er eldre enn ett år.
Har du reist over fjellet med Bergensbanen, har du kanskje høyrt sukk og stønn frå turistar som sat klare med kameraet akkurat då toget forsvann inn i endå eit mørkt bygg. Til saman 11 kilometer med snøoverbygg legg nok ein dempar på utsikta, men takka vere desse bygga kjem toget seg over den vêrharde strekninga meir enn 1000 meter over havet, kvar dag året rundt.
Byggjer om kapp med vinteren
No skiftar Bane NOR gradvis ut gamle trebygg med nye i stål som har vindauge langs heile bygget. To bygg står på planen i år: 180 meter i Tjoadalen vest for Hallingskeid stasjon og 65 meter øvst på Flåmsbana.
- Her på høgfjellet startar me sesongen med snøskuter og avsluttar med snøskuter. Me har ikkje tid til å vente på at det smeltar, konstaterer byggeleiar Tor Veslegard i Bane NOR.
Siste helga i april byrja dei å rive det gamle bygget, og i natt til 30. oktober var tak og veggar i stål på plass. Mesta har vore entreprenør, og i år er det sett opp dobbelt så mange meter bygg som i fjor.
Vil auke i 2019
Vinden hyler rundt hushjørnet på Hallingskeid, der byggeleiaren overnattar i ei lita leilegheit på stasjonen. Han er i gang med å tenkje på neste sesong. Dei har allereie fått sikra fjellet mot ras over det neste bygget som skal erstattast.
I år har prosjektet eit budsjett på om lag 70 millionar kroner, som mellom anna har gått til riving av gamle bygg, nybygg, is- og vassikring. Målet for neste år er byggje opp mot 40 prosent lengre, utan å auke budsjettet tilsvarande.