Randsfjordbanen fyller 150 år

Banen som opna den 12. oktober 1868, knyta Ringerike og Hadeland til Drammen. Jernbanen «rivaliserede i Hurtighed med Fuglen» og opna ei ny verd for både næringsliv og reiselystne folk.

Tekst: Inge Hjertaas

Vil du vere med og markere jubileet på Hønefoss fredag 12. oktober? Les meir her.

Randsfjord stasjon i 1870. Foto via Norsk Samferdselshistorisk Senter, Hønefoss

Randsfjordbanen vert i dag definert som den 54 kilometer lange banestrekninga mellom Hokksund og Hønefoss. Opprinneleg utgjorde banen heile strekninga på 90 kilometer mellom Drammen og Randsfjord stasjon. Poenget med å byggja banen heilt fram til Randsfjorden var å knyta jernbanen til dampbåttrafikken på innsjøen. I dag er den livskraftige150-åringen eit uunnverleg samband til Bergensbanen.

Tømmer og papir

I perioden 1863-75 vart det gjort vedtak om 14 nye jernbanestrekningar i Noreg. Først ut var Drammen-Randsfjordbanen, eit døme på at utgangspunktet var ein handelsby ved kysten med eit ressursrikt oppland. Banen vart starten på ei blomstringstid for norsk jernbanebygging, som heldt fram ut på 1870-talet.

Behovet for betre tømmertransport til hamna i Drammen, saman med jordbruket sine transportbehov, vart tillagt stor vekt. Ein såg også føre seg at banen ville bidra til å utvikle ny industri. Vedtaket i Stortinget skjedde etter hard debatt: 65 røysta for og 43 imot. Mindretalet var for det meste representantar for Vestlandet og Trøndelag.

Då den første parsellen, Drammen-Vikersund,  vart tatt i bruk i 1866, skreiv Morgenbladet at toget «rivaliserede i Hurtighed med Fuglen, uden at svimle eller miste Aandedrettet, uden nogen Følelse der tilsvarer Sjøsygen, og uden at Vingerne trættedes».

Damplokomotiv nummer 6 "Heimdal" mellom Hen og Randsfjord sommaren 1883. Framme ser vi lokomotivførar Bekkerud, på stigtrinnet fyrbøtar Olsrud og bakerst står sporskiftar Knutsen. Foto via Norsk Samferdselshistorisk Senter, Hønefoss

Den 12. oktober 1868 vart Randsfjordbanen høgtideleg opna i si fulle lengd via Hønefoss til Randsfjord Brygge. Stortingsmann Ludvig Daae kunne melda at opningstoget med kong Carl XV «løb med 5 Miils Fart». Samanlikna med hesteskyss var det norske smalsporet ein samferdselsrevolusjon.

Papir- og treforedlingsindustri vaks fram langs Drammensvassdraget, og i 1898 var det tolv fabrikkar som bygde produksjonen sin på Randsfjordbanen. Modum hadde no rykt ei dagsreis nærmare Drammen, eit godt bilde på kva banen fekk å seia for persontrafikken.

Snarveg til sivilisasjonen

Alt i 1871 var arbeidet med sidebaner til Kongsberg og Krøderen i gang. Ei båtrute på Krøderen gav samband vidare til Hallingdal frå dampskipsbryggja ved Gulsvik. Stortingsmann, reiar og jernverkseigar Johan Jørgen Schwartz påpeika at jernbanen hadde ført hallingane, med deira «enklere og meir tryckende Forholde, i umiddelbar, let og billig Kontakt, med de mere fræmskredne og civiliserede Dele af vort Land».  

I 1926 kom ei sidebane til, mellom Hen på Randsfjordbanen og innsjøen Sperillen. Sperillbanen vart bygd som godsbane, men hadde persontrafikk fram til 1933. Banen vart nedlagt i 1957.

Sidebanen til Kongsberg vart sidan ein del av Sørlandsbanen. Krøderbanen vert i dag driven som museumsbane av Norsk Jernbaneklubb og Stiftelsen Krøderbanen. På Norsk Samferdselshistorisk Senter på Hønefoss kan du få vita meir om både Randsfjordbanen, dampbåttrafikken og andre delar av samferdslehistoria i regionen.

Stasjonsbygg med «pyntesjuke»

Georg Andreas Bull var arkitekt for stasjonsbygningane. Han sette sveitsarstilen i høgsetet, noko vi kan sjå den dag i dag. Mellomromma i konstruksjonane vart fylte med motiv frå gotikken, og Bull vart ein pioner i utviklinga av lauvsagarbeid, eller «pyntesjuke» som kritikarane kalla det.

Krøderen stasjon er eit av prakteksempla på stilen til arkitekt Georg Andreas Bull. Foto: Magne Fugelsøy, Bane NOR

To av Bulls stasjonsbygningar vart øydelagde av brann, og nokre er rivne av andre årsaker. Han teikna så godt som alle norske jernbanebygningar mellom 1861 og 1873. Prakteksemplaret er kanskje stasjonsbygningen på Krøderen, som er freda.

Frå smalspor til normalspor

Dei fleste norske jernbanene vart bygde med sporvidd på 1067 millimeter for å halda anleggskostnadene nede. Etter ein lang debatt der engasjementet var stort blant ingeniørar, politikarar og økonomar, kom vedtaket om at Bergensbanen skulle byggjast med normalspor, 1435 millimeter. Dette vart starten på ein lang ombyggingsperiode som først vart fullført i 1949. Randsfjordbanen var ombygd til normalspor ved Bergensbanens opning i 1909.

Fleire lystreiser

Godstransporten var først og fremst grunnlaget for jernbanebygginga i Noreg, men persontrafikken var alt frå starten større enn dei fleste politikarane hadde tenkt seg. Jernbanen gjorde det lettare å pendla til arbeid. Det var også merkbart at det førekom såkalla «lystreiser» i stort omfang. Dette såg ein mest i form av helgetrafikk, men aukande turisme gjorde også sitt.

Eit tog på Randsfjordbanen kjem inn på Hønefoss stasjon, ca. 1890-1909. Foto: Ukjent/Norsk Jernbanemuseum

Alle banene fekk etter kvart merka konkurransen frå personbilar, lastebilar og bussar, slik også med Randsfjordbanen. Lokaltrafikken mellom Hønefoss og Hokksund vart nedlagd i 2001. Persontrafikken mellom Hønefoss og Randsfjord vart nedlagd allereie i 1933, men tatt opp att i perioden 1944-68. Dei siste to kilometrane mellom Randsfjord stasjon og Bergermoen vart i 1984 omdisponert til gang- og sykkelveg.

Lokomotivstallen ved Sundland skiftestasjon mellom Drammen og Gulskogen. Biletet er frå 1971, via Norsk Samferdselshistorisk Senter.

Ny persontrafikk?

I dag stoppar nokre av fjerntoga på Bergensbanen på Hokksund og Vikersund mellom Drammen og Hønefoss. På Randsfjordbanen går også godstog til og frå Bergen, lokale godstog mellom Drammen og Hønefoss og tog med tømmer og skogsprodukt frå Ringerike og Hallingdal. På strekninga Hønefoss-Hen går det godstrafikk til og frå fleire sidespor opp til Hensmoen, ti kilometer frå Hønefoss.

Når Ringeriksbanen står ferdig, kan det bli interessant med ny persontrafikk, noko som kan gi raskt samband frå Modum via Hønefoss til Oslo. Dette er eit politisk spørsmål.

Dagtoget frå Bergen på veg til Oslo langs Randsfjordbanen. Foto: Njål Svingheim, Jernbanedirektoratet