Ein god sveisar forlenger livet til jernbanen

Ein kjem frå vest og ein frå aust. Den eine sveisar og den andre sliper så det gnistrar. Jakob og Ingvar er radarparet som doblar levetida til skjenene på Bergensbanen.

Både syn og høyrsel må vernast når Ingvar Gjeitsund (t.v.) og Jakob Mykkeltvedt driv med påleggssveising. Jobben dei gjer sikrar at toga kan køyre trygt på skjenene i mange nye år. Foto: Ingunn Halvorsen

Ved Hol stasjon i Hallingdal står to karar og ventar på klarsignal. Eit godstog skal passere først, så har dei to timar på seg til å reparere eit svakt punkt på ein sporveksel. Tung trafikk gjennom fleire tiår har slite tydelege merke i skjenene, og utan inngrep vil vekselen snart vere moden for utskifting. Kan det fiksast? Klart det kan!

Sjeldan fagkunnskap

Jakob Mykkeltvedt og Ingvar Gjeitsund er to av Bane NORs spesialistar på påleggssveising. Teknikken går ut på å byggje opp att skadde skjener med nytt stål slik at dei varer i mange nye år.

Konsentrert samspel: Ingvar Gjeitsund (t.v.) og Jakob Mykkeltvedt løftar skjenene i rett posisjon. Foto: Ingunn Halvorsen

- Sidan 2004 har me sveisa kvar einaste sporveksel frå Hokksund til Bergen, mange av dei fleire gangar, fortel Mykkeltvedt medan han bankar laus festene. Gjeitsund står klar med den største av tre slipemaskiner.

Det gnistrar og luktar fyrverkeri medan skaden vert slipt ned med stadig finare verktøy. Deretter må stålet varmast opp til 550 grader for å unngå at det sprekk.

Skaden på skjena må først slipast ned, så byggjast opp att. Foto: Ingunn Halvorsen

God som ny

Djup konsentrert sit Mykkeltvedt over skrevs på skjena og fyller det skadde området med ein smeltande tråd av nytt stål. Handa beveger seg utan stans, som om han teiknar eit mønster. Etterpå går karane laus på skjena med stålbørste og hammar for å få ut spenninga. Til slutt varmar dei opp den nedste delen av skjena for å unngå krymping. Dei jobbar målretta med stadige blikk på klokka.

Etter nye rundar med sliping er sporvekselen god som ny. Strekninga kan opnast for trafikk, og karane kan rette ryggen.

Først når strekninga er opna for trafikk att, tek Ingvar Gjeitsund (t.v.) og Jakob Mykkeltvedt ein pause. Dei to er dei einaste påleggssveisarane på Bergensbanen. Foto: Ingunn Halvorsen

- Det er ei fantastisk kjensle å få til ein veksel. No skal me stå her og lytte til det første toget som køyrer over. Høyr kor fint det glir! konstaterer Mykkeltvedt nøgd.

Slik såg skjena ut før jobben starta ... Foto: Ingunn Halvorsen

... og slik når ho er ferdig sveisa, finpussa og klar for trafikk. Foto: Ingvar Gjeitsund