Dei vaktar Bergensbanen over fjellet

Olav Hande, Olav Selje og Bjørn Løne har til saman 120 års fartstid på jernbanen. Som snøkoordinatorar på Finse har dei ein jobb å gjere for å halde Bergensbanen open.

Bergensbanen er ein viktig godsbane. Her passerer eit tog frå CargoNet Finse på veg frå Bergen til Oslo den 13. desember. Foto: Bjørn Løne

Måndag 3. desember var vintersesongen på Bergensbanen offisielt i gang. Olav Hande overnatta i den gamle banemeisterbustaden på Finse som førstemann i årets turnus. Saman med kollegaene Olav Selje og Bjørn Løne fyller han stillinga som snøkoordinator i Bane NOR.

Snø og is

Snøkoordinatoren skal sikre at togtrafikken kan gå trygt og punktleg over fjellet. Han følgjer med på vêr- og rasvarsel, held kontakten med Bane NORs brøytemannskap og kallar dei ut ekstra om det trengst. Han er også den som avgjer om banen må stengje dersom det er uforsvarleg å sleppe tog over.

- Like viktig som å brøyte snø, er det å halde isen unna sporet og kontaktleidningen. Ei rekkje tiltak for is- og vassikring dei seinare åra har hjelpt på, men framleis er isrydding ein krevjande jobb. Me merkar det særleg utpå seinvinteren og i periodar med ustabil temperatur, seier Hande.

Dei gule Beilhack-snøfresarane er viktige brikker i Bane NORs beredskap på Bergensbanen. Foto: Njål Svingheim

Veteranar på jernbanen

Bjørn Løne har vore snøkoordinator i 15 vintrar sidan 2002. Med 45 år på jernbanen bak seg har han lengst fartstid av dei tre veteranane. Olav Hande kan notere 38 års erfaring, og Olav Selje 37 år.

- Det er kjekt å kome i gang att på Finse og leve tett på vêret. Ikkje to dagar er like her, seier Selje.

På jule- og nyårsaftan pleier snøkoordinatorane å reise heim om vêret tillèt det. Elles er ein av dei å finne på Finse kvar einaste dag gjennom vinteren for å sikre at passasjerar og gods kjem seg trygt fram i rett tid.

Frå desember til april skiftar Olav Hande (f.v.), Olav Selje og Bjørn Løne på å bu på Finse i tre-fire dagar kvar og koordinere vinterberedskapen på Bergensbanen. Foto: Ingunn Halvorsen

Tøffe tak på Finse

Finse er med sine 1222 meter over havet Norges høgastliggande jernbanestasjon. Her budde i si tid over 200 menneske med stort og smått. Ein av dei som vaks opp her, er Kjell Erik Giljarhus, tidlegare snøkoordinator som gjekk av med pensjon frå Bane NOR sist sommar. Han byrja som aspirant hjå banemeisteren på Finse i 1976.

- Ein gong var vi ute og skuffa snø i 30 timar. Skolissene mine var så fastfrosne at eg ikkje kunne sjå dei for berre is. Far min tok ein hammar og slo dei laus, fortalde Giljarhus i eit portrettintervju med Jernbanemagasinet tidlegare i år.