Klatreproff sikrar jernbanen

Han fyk opp i trea og kuttar dei frå toppen og ned. Irske Fergal Matthews tar gjerne jobben med å felle furuskogen i Rastalia, eit av dei brattaste partia på Bergensbanen.

Denne artikkelen er eldre enn ett år.

Treklatrar Fergal Matthews er på veg opp i eit av furutrea i Rastalia. NRK-fotograf Kjell Jøran Hansen står bak kamera. Foto: Trine Helle Simmenes

I Rastalia øst for Voss klamrar Bergensbanen seg fast mellom fjellsida og elva, i same trasé som då han vart bygd på slutten av 1800-talet. Høgt over sporet, men likevel nært, står furetrea farleg til.

- Trea har dårleg feste, og dersom dei veltar kan røtene dra med seg lause steinar. Her må me rydde skog for å unngå at tre og stein fell ned på kontaktleidningen og sporet. Dette er viktig for tryggleiken og oppetida på banen. I tillegg betrar skogryddinga sikten frå toget og hjelper til å halde viltet unna, seier geolog Trine Helle Simmenes i Bane NOR.

Jobben vert utført av firmaet Aasen linjerydding. Treklatrar Fergal Matthews frå Irland har spesialisert seg på å felle tre i ulendt terreng.

- På tre år har me rydda skog for 30 millionar kroner på Bergensbanen. Men dette er eit arbeid som aldri vert ferdig, nesten som husvasken: Du må følgje opp heile tida for å hindre at det gror til att, påpeikar Simmenes.

Skogrydding

Bane NOR ryddar skog langs jernbanen for å hindre at tre fell ned på spor og leidningar eller fører til ras. I tillegg får lokførarane betre sikt langs sporet, og passasjerane får betre utsikt.

  • I 2014 vart det brukt 61,2 millionar kroner på skogrydding og ettervekst
  • I 2015 vart det brukt 54,7 millionar kroner
  • I 2016 vart det brukt 72,1 millionar kroner