Rutinekontrollar på Drammen- og Askerbanen
Laurdag 9.februar frå klokka 13.00 stengjer Drammen- og Askerbanen i 24 timar på grunn av vedlikehaldsarbeid.
Denne helga held Jernbaneverket fram arbeidet med rutinekontroll av kontaktleidningsanlegget i Lieråstunnelen. Det vil og bli gjort ytterlegere arbeid med fjellreinsk og vedlikehald av naudlysa i tunnelen, samt med nytt seksjonsfelt på Lierstranda.
-Kontrollane av kontaktleidningsanlegget gjrr at vi kan utbetre potensielle svakheiter før dei fører til feil, og det vil gjere anlegget meir stabilt, seier sporkoordinator Knut Ole Kristoffersen.
For å sjå korleis dette påverker dine tog, sjå NSB og Flytogets heimesider