Jernbaneverket går saman med Vegvesenet og NVE om forskning og utvikling
Jernbaneverket prioriterer arbeidet med å gjere infrastrukturen meir robust og betre i stand til å tåle store nedbørmengder og temperatursvingningar. Nå settes det i samarbeid med Statens vegvesen og NVE i gang eit fireårig forsknings- og utviklingsprogram der målet er meir robust infrastruktur, trygg bebyggelse og samferdsle og god skred- og flaumvarsling.
Denne artikkelen er eldre enn ett år.
Målet om større tryggleik og meir robust infrastruktur skal nås ved å byggje opp godt samarbeid, koordinering og samordning av dei ulike etatanes aktiviteter for å redusere sårbarheita. Utviklingsprogrammet skal ta høyde for noværande og komande klimautfordringar.
I forprosjektet er desse temaene lista som mogelege delprosjekt:
- Naturskadestrategi
- Krisehandtering og beredskap
- Kartleggjing, arealbruk og risiko- og sårbarhetsanalyser
- Overvaking og varsling
- Flaum og overvannshandtering
- Kvikkleire
- Prosessar og sikring