Køyre bil på Rallarvegen

For køyring med motorkøyretøy på Rallarvegen må du ha løyve.

Syklistar og turgåarar har fyrsteprioritet på Rallarvegen. Foto: Svein Ulvund

Rallarvegen er først og fremst eit kulturminne som Bane NOR har ansvar for å forvalte, og målet er minst mogleg køyring med motorkøyretøy. Alle som ønskjer å køyre på vegen må ha køyreløyve frå Bane NOR.

Strekning Finse–Vatnahalsen/Myrdal er foreslått verna i «Nasjonal verneplan for jernbanens kulturminner», og av den grunn skal vi betrakte deler av vegen som verna fram til godkjent vedtak. Motorkøyretøy slit på vegen og kan føre til skader som det er ressurskrevjande å reparere. Vi må forsøke å begrense skader gjennom ein restriktiv tildelingspolitikk.

Som hovedregel gjev vi berre tillatelse til å køyre når det er behov for å transportere utstyr eller materiell som ikkje kan transporterast på anna måte. Oppdrag over fleire dager må løysast med å ta tog eller overnatte på arbeidsstad. Næringsdrivande (sauebønder, kraftselskap, hotell, turisthytte) vil få innvilga sesongløyve. Ellers blir det kun gitt løyve for nyttekøyring, det vil si frakt av materiell som ikkje kan transporterast med tog eller snøskuter. Det må søkast for kvart enkelt oppdrag eller sesong.

For å behandle søknad om køyreløyve på Rallarvegen treng vi:

  • Navn, adresse, telefonnummer og e-post
  • Strekning
  • Biltype og registreringsnummer (også tilhenger)
  • Begrunnelse for køyring
  • Dato fra og til/periode

Søknad sendes på e-post til Rallarvegen@banenor.no

Retningslinjer

  • Maks tillatt totalvekt er 4 tonn. Maks aksellast 2 tonn. Maks boggilast 3 tonn.
  • På grunn av krappe svinger kan ikkje lengre køyretøy nyttast.
  • Søkar er ansvarleg for å kontrollere at vegen er køyrbar med tanke på vær- og snøforhold. Dersom vegen er stengt på grunn av vedlikehald eller anna arbeid frå Bane NORs side, opplyser vi om det i den aktuelle perioden.
  • Enkeltløyve avgift på 625 kroner per tur (tur/retur) inklusiv moms.
  • Hjå Haugastøl Turistsenter kan du hente nøkkel til bom v/Storurdi, ved å visa køyreløyve.
  • Køyreløyve for sesong og reinsjakt avgift på 125 kroner per tur (tur/retur) inklusiv moms. Oppgi antall turar seinast 1. desember.
  • Avgift for nøkkel til bom v/Storudi på 125 kroner inklusiv moms (gjelder kjøreløyve for sesong og reinsjakt).

Køyrevegsavgifta blir brukt til å vedlikehalda vegen. Bane NOR fakturere ansvarleg søkar. 

Bane Nor gjer også merksom på at det er stedvis dårleg mobildekning.

I tillegg til køyreløyve frå Bane NOR krev køyring mellom Sandå og Lågheller løyve frå Ulvik herad. Du kan søke via deira nettside (følg lenken Motorferdsel).