Drenering/planering

Alle endringar som vert utførte i terrenget nær sporet, kan innebere auka risiko for ras og utgliding.

Bygging av skogsbilvegar, jamvel langt frå sporet, er inngrep som kan få konsekvensar for vassvegane. Bane NOR skal syte for å leie vatnet bort frå sporområda, dette for å minske faren for ras. Grunneigarar bør også inspisere grøfter og stikkrenner jamleg for å forvisse seg om at dei fungerer tilfredsstillande. Spesielt gjeld dette i periodar med mykje nedbør og snøsmelting.

Kontakt Bane NOR

Dersom det er planar om å gjere terrengendringar på eigedomar nær sporet, bør ein varsle Bane NOR før planane vert gjennomførte. I fellesskap er det som oftast mogleg å finne løysingar som både grunneigar og Bane NOR er nøgde med.