Nattarbeid i Hallingdal 17. til 22. april

Bane NOR skal slipe jernbaneskjenene på ulike punkt mellom Gulsvik og Haugastøl frå tysdag 17. april til og med søndag 22. april i tidsrommet 3 om natta til 11 om føremiddagen.

Arbeidet er viktig for å auke tryggleiken og levetida på sporet. Me jobbar om natta for å ikkje hindre togtrafikken.

Slipinga inneber ein del gnistrar og støy, og me seier oss leie for dei ulempene det fører med seg for naboane.

Spørsmål?

Kontakt prosjektleiar Bjørn Ludvig Søgnen, tlf. 950 49 554.