Kunde- og trafikkdivisjonen

Kunde- og trafikkdivisjonen har ansvar for den operative trafikkstyringa, operasjonell ruteplan, avtaler med togoperatører og informasjon til dei reisande.

Organisasjonskart Kunde- og trafikk

Trafikken på jernbanen i Noreg
I 2014 reiste meir enn 70 millionar passasjerar med tog i Noreg. Inkludert malmtransport og grenseoverskridande trafikk blei det frakta meir enn 31,6 millionar tonn gods i 2014. Om lag 9,2 millionar tonn var innanlands godstrafikk.

Organisering av Kunde- og trafikkdivisjonen

Kunde- og trafikkdivisjonen består av ei stabseining i Oslo, dei regionale avdelingene Trafikk Aust, Sør/Vest og -Nord, samt Ruteplan, Kunde- og trafikkinformasjon, Persontrafikk og Godstrafikk. Divisjonen har ca 900 tilsette. Dei fleste er fordelte på dei tre regionale områda.

Trafikkstyring

Kunde- og trafikkdivisjonen har i dag åtte trafikkstyringssentralar som er lokaliserte i Oslo, Drammen, Kristiansand, Stavanger, Bergen, Hamar, Trondheim og Narvik. I tillegg er det stasjonert trafikkstyrarar på ca. 70 betente stasjonar der dette er nødvendig av omsyn til togtrafikken. I tillegg nyttar ein trafikkstyrarar til å betene "ubetente" stasjonar ved bl.a. større utbyggingar.  

Fjernstyring

Trafikkstyringa skjer ved hjelp av fjernstyring på det meste av jernbanenettet. Pr. 1.1.2010 er det følgjande strekningar med rutegåande tog som ikkje har fjernstyring: Mosjøen – Bodø, Røros – Støren, Hell – Storlien, Dombås – Åndalsnes, Kongsvinger – Elverum, Ski – Mysen – Sarpsborg (Austre line), Roa – Gjøvik, Myrdal – Flåm, Nelaug – Arendal.  

Bane NOR arbeider med vidareutbygging av fjernstyring på Nordlandsbanen der strekninga Grong – Mosjøen – Bodø er under anlegg.

Leiarar i Kunde- og trafikkdivisjonen

  • Konserndirektør kunde og trafikk: Bjørn Kristiansen
  • Trafikkområde Aust: Trafikksjef Lars Ola Bækkevold
  • Trafikkområde Sør/Vest: Trafikksjef Tom Dahle
  • Trafikkområde Nord: Trafikksjef Øyvind Brustad
  • Kunde- og trafikkinformasjon: Victor Hansen
  • Persontrafikk: Cecilie Pindsle 
  • Ruteplan: Jan Harald Dammen
  • Godstrafikk: Bjørn Kristiansen (fungerende)
  • Økonomi og styring: Elzbieta Maria Jankowski
  • HR: Kristin Strand (fungerende)
  • Sikkerhet og kvalitet: Kjersti Amalie Myklebust
  • Trafikk og teknologi: Hans-Petter Sørensen

Fakturaadresse for Bane NOR:

Bane NOR SF
Postboks 4350
2308 Hamar


Oppgje kontaktperson og koststad for å lette fakturabehandlinga.
Organisasjonsnummer for alle einingar i Bane NOR er 971 033 533.