Du kan styre togtrafikken på Ål stasjon

Er du stødig og sjølvstendig og kan tenkje deg å jobbe turnus? Bane NOR søkjer tre nye medarbeidarar til faste stillingar på Ål i Hallingdal.

Frå arbeidsplassen på Ål stasjon har trafikkstyrar Øystein Myro god oversikt over trafikken og stasjonsområdet. Foto: Ingunn HalvorsenTrafikkstyraren på Ål kontrollerer togtrafikken inne på stasjonen. Saman med togleiar på sentralen i Bergen syter han eller ho for at trafikken går sikkert og effektivt.

- Ei typisk dagvakt startar klokka 7 med at eg ringjer kollegaen i Bergen og tek over ansvaret for Ål stasjon, som har vore fjernstyrt nokre timar om natta. Då står gjerne to-tre arbeidstog klare og ventar på signal for å køyre ut og starte arbeidsdagen, fortel Øystein Myro.

Han stiller grønt signal på stillverket, fører tognummeret inn i loggen og gjev køyreløyve. Utover dagen tek han imot alle gods- og persontoga på Bergensbanen og held kontakt med kollegaer som arbeider på sporet nær stasjonen. Han informerer dei reisande over høgtalaren om endringar i spor og togtider. Innimellom skal ein del administrative oppgåver gjerast unna.

Ingen tog får køyre inn eller ut frå stasjonen før dei har fått klarsignal frå trafikkstyraren. Foto: Ingunn Halvorsen

Utdanning med løn

- Som trafikkstyrar er du åleine på jobb og må trivast i ditt eige selskap. Men det kjem stadig folk innom, både lokomotivførarar som har vaktskifte her og passasjerar som lurar på noko. I tillegg har me kontakt med kollegaer på andre stasjonar, forklarar Øystein.

Før han vart trafikkstyrar prøvde han litt av kvart.
- Eg har gått kokkelinje, arbeidd på hotell, i butikk, kundeservice, barnehage … Eg har likt meg alle plassane, men aller best som trafikkstyrar. Å jobbe frå 8 til 16 kvar dag er ikkje noko for meg, så eg set pris på turnusen med lengre friperiodar innimellom, seier han.

Øystein hadde fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar i botn då han starta som trafikkstyraraspirant for snart tre år sidan. Utdanninga tok ni månader og veksla mellom to veker ved Norsk jernbaneskole i Oslo og to veker praksis. Aspirantane får løn under utdanninga og overnatting i Oslo.

Øystein Myro (bak) og Bjørn Andersen ved stillverket, som dei nyttar for å stille lyssignala på Ål stasjon. Til sommaren går Bjørn av med pensjon etter 42 år på jernbanen. Foto: Ingunn Halvorsen

Startar hausten 2018

- Me lyser no ut tre stillingar på Ål, fortel HR-rådgjevar Emmeche Hjemmen i Bane NOR. Ho håpar å få søknader frå folk i alle aldrar som vil bu og jobbe i Hallingdal. Dei formelle krava er vidaregåande skule eller fagbrev, og førarkort for bil.

- Du treng ikkje ha erfaring med jernbane frå før, for du får full opplæring. Derimot er me opptekne av at du er sjølvstendig og nøyaktig sidan dette er ein ansvarsfull jobb, påpeikar ho.

Søknadsfristen er 26. januar 2018. I tillegg til vurdering av CV må dei som søkjer, bestå testar på nettet for å vere kvalifiserte til jobben.

- Me vil så kalle inn aktuelle kandidatar til intervju, og dei som går vidare må gjennom ei helseundersøking. Sjølve utdanninga startar hausten 2018. Dersom du skal ta eksamen eller fagbrev til våren, er du også velkomen til å søkje, seier HR-rådgjevaren.

Utlysinga og kontaktinformasjon finn du her.

Kjetil Tømmerås hoppa av etter 30 år som pilot og tok fatt på utdanninga til trafikkstyrar.

Vil du vite meir om jobben som trafikkstyrar på Ål? Ta gjerne kontakt med Øystein Myro og kollegaene hans på stasjonen. Foto: Ingunn Halvorsen

Ål stasjon er bemanna frå 7 om morgonen til 3.15 om natta. Då er det greitt å kunne setje på kaffien og varme seg ein matbit i kjøkenkroken. Foto: Ingunn Halvorsen