Vossebanen vert stengd for byggjearbeid midt på dagen

Frå torsdag 24. august til og med fredag 8. september skal Bane NOR arbeide på jernbanen mellom Voss og Bergen på kvardagar. Det vert buss for tog mellom klokka 9.05 og 15.30.

Svillebytte på Bergensbanen tidlegare i år. Foto: Jostein Skår-Ekse, Bane NOR.

I vel to veker framover vil Bane NOR nytte tida midt på dagen til å fornye og sikre jernbanen mellom Voss og Bergen.

Togtilbodet vert redusert mellom klokka 9.05 og 15.30 måndag til fredag, og NSB set opp bussar. I morgon- og ettermiddagsrushet og i helgene går togtrafikken som vanleg. Eit unnatak er i Arna, der spor 3 vert stengd i heile arbeidsperioden. NSB har detaljane om kvar reisestrekning. Arbeidet vert avslutta før sykkel-VM i Bergen tek til.

Sjå opp for arbeidstog

- Til vanleg arbeider folka våre i dei korte pausane mellom togavgangane. No får me gjort unna oppgåver som krev lengre tid. Målet er ei sikrare og meir punktleg reise for passasjerar og gods, seier områdedirektør Tony Dæmring i Bane NOR.

På Tunestveit i Arna skal ein ny sporveksel på plass. Det kjem naudlys i Hettatunnelen i Vaksdal og nye sviller mellom Trengereid og Dale. Ei rekkje kontroll- og vedlikehaldsoppgåver står også på planen.

- Sjølv om den vanlege togtrafikken er innstilt, kan det kome arbeidstog på sporet når som helst. Alle som bur og ferdast langs jernbanen må vere forsiktige, understrekar Dæmring.

Travelt i Arna

I Arna er arbeidet i gang med å rive gamle bygg for å byggje om stasjonen.

- Me kjem til sprengje for å bygge eit nytt teknisk bygg på sjøsida. På kyrkjesida skal me bore røyr ned i grunnen langs spor 3 for å stabilisere sporet, fortel hovudbyggjeleiar Henriette Eide Djønne. Ho håpar på forståing for at arbeidet kjem til å støye.

- Av omsyn til naboane planlegg me å halde det støyande arbeidet innanfor klokka 7 til 19. Dette er eit skritt på vegen mot ein ny og flott stasjon med høg kapasitet og fleire togavgangar. Det gler me oss til, seier Djønne.

På nordsida av stasjonen er ein i ferd med å byggje ein midlertidig bussterminal som skal vere klar til bruk frå måndag 4. september.

I løpet av arbeidsperioden vil tunnelboremaskina «Ulrikke» kome til syne i Fløen etter å ha ete seg gjennom Ulriken i halvanna år.

Riving av det gamle godsbygget på Arna stasjon. Foto: Ingvild Eikeland