Vossebanen vert sikra mot naturkreftene

Dei siste åra har Bane NOR investert om lag 200 millionar kroner for å halde den gamle banen fri for flaumvatn, steinras og sørpe.

Chris Jensen (t.v.) og Frode Rogne frå Mesta har ein tung og viktig jobb med å sikre Vossebanen mot ras. Foto: Ingunn Halvorsen

 Eit gult skilt med «R» på fortel lokføraren at det står eit rasvarslingsgjerde over sporet i Kattagjelet mellom Bolstad og Evanger. Viss noko treff gjerdet, vil lyssignalet varsle saktekøyring, det vil seie 10 kilometer i timen den neste kilometeren. Toget må kunne stanse brått dersom det ligg stein i sporet. No vert varslinga erstatta med eit fanggjerde som kan stoppe eit ras i staden for å varsle det.

Skiltet med «R» fortel lokføraren at området har rasvarsling. No vert varslinga erstatta av eit fanggjerde som kan stanse steinar før dei treff sporet. Foto: Ingunn Halvorsen

 

Rullar ut gjerde

- Gjerdet kan fange opp steinar på inntil fem og eit halvt tonn før dei rullar ned i sporet. Slik kan me hindre at raset skapar problem for togtrafikken. Me vert og kvitt eit problem med at rasvarslingsgjerdet av og til har utløyst falsk alarm på grunn av greiner eller mindre steinar, slik at tog har blitt forseinka utan grunn, forklarar prosjektleiar Elizabeth Haugen Calder i Bane NOR.

Montørane frå Mesta festar gjerdet som vert heist i riktig posisjon av helikopter. Foto: Marius Lodden

Mesta har fått oppdraget med å setje opp gjerdet, som er 120 meter langt og om lag 5 meter høgt. Ved hjelp av helikopter vert stolpane med samanrulla netting plassert på fundamenta i den bratte skråninga. I full fart boltar karane i arbeidslaget fast stolpen medan helikopteret heng over dei. Når alle stolpane er på plass, er det tid for å strekkje nettingen ut til kvar side og feste gjerdet permanent.

 

Trasé frå 1883

Saman med kollega Karl Morten Undal har Calder dei siste åra hatt ansvar for ei rekkje prosjekt som skal sikre banen mellom Voss og Bergen mot naturkreftene. Mykje av traseen er den same som då banen var ny i 1883, og klimautfordringane har sett banen mellom fjellet og fjorden på prøve.

I oktober 2014 vart Vossebanen stengd i over seks døgn på grunn av flaum mellom Bulken og Bolstadøyri. I mai året etter gjekk to jord- og steinras i Bogelia i Vaksdal, og banen vart stengd i til saman fire døgn. Sidan har Bane NOR investert nær 200 millionar kroner for å gjere togtrafikken så sikker og punktleg som råd på strekninga frå Bulken i aust til Arna i vest:

  • Flaumsikring: 50 millionar kroner til steinfylling, støttemurar og andre tiltak langs Vosso og Bolstadelvi, til saman 2 kilometer.
  • Rassikring: Vel 40 millionar kroner til fanggjerder langs sporet, til saman 3,4 kilometer.
  • Drenering: 55 millionar kroner til grøfter og stikkrenner for å leie vatnet trygt langs og under sporet.
  • I tillegg er fjellet reinska og sikra i samband med rassikring og drenering.

Færre togstansar

- Med det arbeidet som no er gjort, er me trygge på at Vossebanen kan takle ein 200-årsflaum. Men ein flaum på storleik med den i 2014 kan me ikkje stanse så lenge banen ligg på den høgda han gjer, seier Undal.

Områdedirektør Tony Dæmring påpeikar at Bane NOR alt har merka resultat av arbeidet.

- Uveret «Urd» i desember 2016 var det første med eige namn som ikkje førte til togstans på denne strekninga. Men det vil alltid vere ein viss rasfare mellom Voss og Arna så lenge banen følgjer den gamle traseen, seier han.

Slik vert det ferdige fanggjerdet. Arkivfoto: Njål Svingheim