Vatn sperra Bergensbanen

Regnvatnet fossa både over og under sporet i Hallingdal måndag. Medan Bane NORs montørar jobba med å få fast grunn under svillene, gjekk eit nytt ras lenger aust.

Pukken vart vaska ut under svillene like vest for Gulsviktunnelen i Hallingdal. Etter ei særs regnvåt helg vart det innført gul beredskap på Bergensbanen mellom Trolldalen og Ål måndag 2. oktober .

- Det vil seie at me følgjer situasjonen ekstra nøye og utfører ekstra visitasjon, forklarar banesjef Guro Torpe.

Lars Hammersbøen og kollegaen drog frå Ål om morgonen for å sjå korleis det stod til nedover dalen.

- Då me nærma oss Gulsvik såg me masse vatn i stikkrenner og grøfter. I den vestre enden av Gulsviktunnelen rann vatnet inn, og fyllinga heldt på å reise sin veg, fortel han.

Slik såg det ut frå førarhuset då Bane NOR sine folk kom på visitasjon til Gulsviktunnelen måndag føremiddag.

Ti jernbanesviller hang og svømde i ein foss, og mannskap vart kalla ut for å reparere skaden. Då dei nærma seg ferdige, kom det melding frå politiet om eit muleg ras mellom Trolldalen og Gulsvik, litt lenger aust. Det viste seg at lausmasse, stein og buskar dekka sporet i om lag ti meters breidde, og fyllinga var i ferd med å verte vaska ut. Også i Lindelia ved Trolldalen var ei stikkrenne gått tett, og store steinar hadde rasa ned mot sporet.

- Heldigvis var me godt førebudde på slike hendingar. Vi har ein beredskapsorganisasjon der alle veit kva dei skal gjere og får arbeidet unna når veret set oss på prøve, seier banesjef Torpe.

Like før klokka eitt natt til tysdag kunne Bergensbanen opnast for trafikk igjen.

Alle foto: Lars Hammersbøen

Måndag ettermiddag gjekk eit ras over jernbanen mellom Trolldalen og Gulsvik.