Skulebesøk gjer unge trafikantar tryggare

Pokémonjakt langs sporet og dinglande bein utfor plattformkanten er eit kjend syn for elevar som bur langs jernbanen. Bane NOR besøker skular for å førebyggje ulukker.

I 2016 vart halvbommane ved Stanghelle stasjon bytta ut med heilbommar. Snart kjem det også gjerde på sidene. (Foto: Ingunn Halvorsen)

- Trur de eg klarar å stoppe toget like fort som ein bil?
- Neeeeeei, svarar 29 lyse stemmer i kor.
- Kor fort trur de me kan køyre her mellom Bergen og Voss, då?
- 2000! føreslår ein på fremste rad.

Lokførar Oddvar Dalen har full merksemd frå elevane i første og andre klasse på Stanghelle skule. Han fortel kor redd han vert når nokon spring under bommane på planovergangen ved stasjonen. Saman med Ingar Sagedal Bie frå Bane NOR er den erfarne NSB-føraren på besøk i Vaksdal kommune, kor Bergensbanen slynger seg langs fjorden.

Registrerer farlege hendingar
- Eg inviterer meg på besøk til skular i område der vi har registrert ein del farlege hendingar. Dei fleste ligg nær ein planovergang, fortel Bie. Han får med seg lokale lokførarar når han reiser rundt i landet.

 - Målet med skulebesøka er å få ned talet på farlege hendingar, og sjølvsagt at det ikkje skal skje ulukker. Vi snakkar med elevane om planovergangar, om plattforma med den gule stripa, om fart og bremselengde og om høgspenning. Det siste har blitt meir aktuelt etter fleire dødsfall og ulukker dei siste åra, påpeikar han.

 Aldri køyrt på menneske
Elevane boblar nesten over av spørsmål.

- Har du faste plassar der du skal tute?
- Kan to tog kræsje?
- Kva skjer med toget viss det køyrer på ein motorsykkel?
- Men kva om ein bil køyrer mellom bommane og blir fanga?

 Ekstra stille vert det når Dalen får spørsmål om han har køyrt på eit dyr.

- Ja, eg har diverre køyrt på både elg, sau, ørn og fleire andre. Og eg har bremsa og klart å stoppe framfor mange dyr. Men eg har heldigvis aldri køyrt på eit menneske, fortel han.

Heilbommar hindrar slalåmkøyring
Planovergangen på Stanghelle er ein versting på Bergensbanen. Frå 2010 til 2016 registrerte Bane NOR 68 farlege hendingar med folk eller køyretøy her. I fjor vart halvbommane bytta ut med heilbommar.

- Vi sleit med at mange køyrde slalåm med bil mellom bommane. No er ikkje dette mogleg lenger. I tillegg planlegg vi å sette opp gjerder på sidene, fortel banesjef Bjørn Skauge. Han ser også på tiltak som skal sikra at bommane ikkje ligg nede unødvendig lenge.

- Vi har fått klager frå naboane på at toga fløytar før planovergangen. Regelverket opnar for at vi kan ta vekk fløytinga når vi har bom, men då må trafikantane respektere bommane, påpeikar banesjefen. Han er uroa over dei mange alvorlege hendingane og nestenulukkene, og håpar skulebesøka vil bidra til ei betring.

Fakta: Planovergangar

  • Når ein veg eller sti kryssar rett over jernbanesporet (i same plan).
  • Bergensbanen har 169 planovergangar.
  • Bane NOR har 3553 planovergangar.
  • Dei siste fem åra har det i snitt skjedd eitt dødsfall i året på planovergangar i Noreg.

Tala er oppdaterte 31.12.2016.

Ingar Bie (t.v.) og Oddvar Dalen fekk mange historier frå elevane som veks opp langs jernbanen på Stanghelle. (Foto: Ingunn Halvorsen)