Rallarvegen: Sjå opp for dårleg veg og anleggsarbeid

Rallarvegen langs Bergensbanen har fått skadar etter vinteren og må utbetrast fleire stader. Bane NOR oppmodar syklistar til å ta det roleg for å unngå ulukker.

Over 20 000 syklistar syklar Rallarvegen kvar sommar. Foto: Øystein Grue (arkiv)Rallarvegen vart bygd som anleggsveg då arbeidet med Bergensbanen tok til i 1894. I dag er den eit viktig kulturminne og ein populær sykkelveg med over 20 000 gjestar kvart år.

- Strekninga mellom Hallingskeid og Myrdal er bar for snø no, men nokre plassar i så dårleg stand at me vil oppmoda til å gå av og trilla sykkelen av omsyn til eigen tryggleik. Dette gjeld særleg ved Kleivagjelet, der vegen  er utvaska av nedbør og snøsmelting, seier prosjektleiar Ketil Thorsen i Bane NOR.

Han fortel at det framleis ligg mykje snø mellom Finse og Hallingskeid, og her er vegen ikkje køyrbar før seinare på sommaren.

Bane NOR har ansvar for å vedlikehalda Rallarvegen mellom Finse og Myrdal, eit arbeid som må skje etter strenge reglar.

- Sidan denne delen av vegen er definert som kulturminne, får me berre nytta stein som finst lokalt. I sommar vil  me retta opp murar og fylla på masse fleire stader der vegen er skada. Me håpar på forståing for at det kan vera vanskeleg å koma forbi arbeidsmaskiner, og vil berre minna om å tenkja på tryggleiken. Ta det roleg, så får du ein flott og trygg tur på Rallarvegen, seier Thorsen.

Vegarbeidet vil vara gjennom heile sommaren og hausten, med ein pause i siste delen av juli.

Rallarvegen går frå Haugastøl til Finse, Hallingskeid, Myrdal og vidare langs Flåmsbana til Flåm. Den har fleire gonger blitt kåra til Noregs vakraste sykkelveg.

Det ligg framleis snø i fjellet, men Rallarvegen er køyrbar mellom Hallingskeid og Myrdal. Foto: Tor Veslegard