Mitt tog er lasta med redningsutstyr

Med ullpledd, medisinar og 25 000 liter vatn om bord kan beredskapstoget rykkje ut til ras, brann og andre ulukker langs Bergensbanen.

Beredskapstoget er resultat av eit breitt samarbeid. I døra: Bodil Reime Sørlie frå Helse Bergen. Framme (f.v.) Jens Petter Gravning (Voss lensmannskontor), Bjørn Dolve (Voss brannvern), Rune Slettemark (Voss Røde Kors), Eivind Hovden (Sivilforsvaret) og Jon Hermann Rivenes (Bane NOR). Foto: Ingunn HalvorsenDå ein skiløpar vart teken av ras mellom Haugastøl og Finse i mars, vart jernbanen løysinga for å frakte mannskap, pasient og pårørande. Om lag sju mil av Bergensbanen ligg i veglaust terreng på høgfjellet. No har redningsmannskapa fått eit skreddarsydd beredskapstog stasjonert på Voss.

- Med dette toget er me veldig godt førebudd på store ulukker, slår Bodil Reime Sørlie fast. Ho er ambulansearbeidar på Voss og ei av eldsjelene som har jobba med å få toget i stand.

100 på opplæring

- Me har laga beredskapsplanar og tiltakskort og avgjort kva bemanning toget skal ha. Målet er å køyre ut så fort me har trekkraft på plass, helst innan ein og ein halv time etter varsling, fortel ho.

I slutten av april kom 100 medlemer frå mellom anna Røde Kors, Norske redningshunder, Sivilforsvaret, akuttmottaket og kommunehelsetenesta på Voss til lokstallen for å gjere seg kjende med toget.

- Når det smell, må det gå fort. Alle må vite kva dei skal gjere og kva reglar som gjeld. Jo fleire som kjenner toget, jo større er sjansen for suksess, seier politibetjent Jens Petter Gravning.

Over 100 redningsmannskap gjorde seg kjende med beredskapstoget på Voss i april. Foto: Ingunn Halvorsen

Lokomotiv i begge endar

Beredskapstoget har ei passasjervogn, ei vassvogn og eit «flak», ei flat vogn som kan frakte andre køyretøy. Passasjervogna har fått installert straumaggregat, kjøkken, sjukestue og eit stort rom til folk og utstyr. Her finst mellom anna tørrmat, førstehjelpsutstyr og bårer. Toget kan ha ei trekkmaskin i kvar ende, slik at det raskt kan snu eller delast i to.

- Me set saman dei vognene som situasjonen krev. Til ein grasbrann kan me ta med berre vassvogna og ein brannbil på flaket. Er det snøras, kan me ta med passasjervogna og flaket med inntil åtte snøskuterar, forklarer Jon Hermann Rivenes. Han er faggruppeleiar for linja over Hardangervidda og med i Voss brannvern på si.

På «flaket» står brannbilen. Vassvogna rommar 25 000 liter. Foto: Ingunn Halvorsen

Politiet kallar ut

I ein akutt situasjon er det operasjonssentralen til politiet som avgjer om toget skal takast i bruk.

- Det er viktig at dei har god kunnskap om kva toget kan bidra med. Det treng ikkje vere snakk om ei jernbaneulukke. Det kan like gjerne vere andre hendingar der tog er det einaste eller mest robuste transportmiddelet, seier Anette Simonsen. Ho er tryggleiks- og kvalitetsrådgjevar i Område Vest og med i arbeidsgruppa.

Analyse og øvingar

Simonsen er no i gang med ein beredskapsanalyse for høgfjellsstrekninga som skal på høyring til dei andre aktørane. Gruppa har hatt ei skrivebordsøving med beredskapstoget. Til hausten planlegg dei ei ny øving saman med NSB og brannvesenet i dei andre kommunane på høgfjellet.

Rune Slettemark i Voss Røde Kors har arbeidd mykje med beredskap og har tru på nykomlingen.

- Beredskapstoget vert eit kjempeverktøy. Me har vore på ein del leiteaksjonar der det hadde vore til stor nytte. Eg trur det vil verte jamleg brukt no som mange veit om det, seier han.

Beredskapstoget - desse er med

  • Bane NOR
  • Brannvesenet
  • Helse Bergen
  • Hordaland alpine redningsgruppe
  • Norsk folkehjelp
  • Norske redningshunder
  • Politiet
  • Røde Kors
  • Sivilforsvaret

Bodil Reime Sørlie og Jon Hermann Rivenes i lasterommet som har plass til mannskap og utstyr. Det kan også ta imot evakuerte personar eller to snøskuterar. Foto: Ingunn Halvorsen