Lokal straum driv Flåmsbana

Flåmsbana er ikkje berre vinnar som turistdestinasjon. Banestrekninga er også ein klimasuksess som vert driven av eige kraftverk på staden.

Kraftverket som har fått namn etter Kjosfossen forsyner både Flåmsbana og bygdefolket med straum. Foto: Bane NORI desse klimatider er jernbanestrekninga i Aurland kommune noko av det meir miljøvenlege ein kan reise med. Dei fleste norske toga går på straum frå den nordiske kraftbørsen Nord Pool. Bana i Sogn derimot slår dei alle med eigen straum frå den lokale elva.

Snart ein million reisande

Flåmsbana er ein av landets turistfavorittar, og dei siste åra har inntektene strekt seg til 172 millionar kroner på årsbasis. Ifølgje selskapet som driv transporten løyste 926 000 passasjerar billett i fjor. Dette er ein vekst på 20 prosent frå året før. Fram mot 2020 er målet å selje billettar for ein milliard. Strekninga frå Myrdal på høgfjellet, og ned til Sognefjorden er av dei brattaste i verda. Hårnålsvingane, og den spektakulære naturen, er nok hovudårsaka til suksessen.

Vasskraft til bygdefolket

Det lokale kraftverket utnyttar vatnet i Flåmselva og fallet i den nærliggande fossen. Dei tre reservoara Reinungavatnet, Seltuftvatnet og Klevavatn er alle regulerte for å få dette til. Med ei rørgate på 400 meter vert vatnet ført frå Reinunga ned til Kjosfoss kraftstasjon.

Kraftverket som driv jernbanen er eigd av Bane NOR. I stasjonen er det installert to aggregat med ein kapasitet på til saman 3,6 MW.  Dette utgjer ein årsproduksjon på godt 24 GWh, som svarar til energiforbruket til 1 200 husstandar. Eitt aggregat leverer kraft til jernbanen, medan det andre leverer til alminneleg forsyning  i området.  Cirka 25 prosent av produksjonen går til å drive trafikken på Flåmsbana.

Bygginga av Bergensbanen

Då Bergensbanen skulle byggast på slutten av 1800-talet blei det reist eit lite kraftverk i bakkane nedanfor Myrdal stasjon. Staten hadde sikra seg fallrettane, og el-forsyinga skulle brukast til å drive fram arbeidet med Gravhalstunnelen gjennom fjellet Urdshovd mot Voss. Tunnelen blei ein ingeniørteknisk sensasjon i samtida. Vatnahalsen hotell fekk også straum frå den same kjelda. Kraftverket blei lagt inntil haldeplassen på det som seinare blei Flåmsbana med den kjende Huldra. Kjosfoss blei dermed eit av dei første kraftverka i Sogn og Fjordane.

Kraftstasjonen ligg ved Kjosfossen stasjon, kor Flåmsbana gjer ein kort stopp til glede for turistane. Foto: Bane NOR.