Høgspenningsulukke på Bergensbanen

Ein mann er skadd etter å ha fått straum i seg under arbeid vest for Hallingskeid. Han er tilsett i Mesta, som jobba på oppdrag for Bane NOR.

Frå arbeidet med nytt snøoverbygg mellom Myrdal og Hallingskeid tidlegare i sommar. Foto: Karl Morten UndalUlukka skjedde om lag klokka 5.15 torsdag 27. juli, to kilometer vest for Hallingskeid. Bane NORs trafikksentral i Bergen fekk melding om at mannen hadde vore i kontakt med leidningen som gir straum til toget. Han fekk førstehjelp på staden og vart frakta med helikopter til Haukeland universitetssjukehus.

Sjukehuset opplyser i ei pressemelding at mannen er kritisk skadd.

- Dette er ei svært alvorleg og trist ulukke. Me har sett i gang ei intern undersøking av kva som har skjedd, seier banesjef Bjørn Skauge. Arbeid nær straumførande leidningar er vanleg på jernbanen, og det er strenge krav til korleis arbeidet skal utførast.

Arbeidslaget jobba med å setja opp eit nytt snøoverbygg mellom Myrdal og Hallingskeid, som ligg på høgfjellet i Ulvik herad. Dette arbeidet er stansa inntil vidare. Togtrafikken i området går som normalt.

Politiet, Arbeidstilsynet og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap er varsla om ulukka.

Oppdatering: Torsdag ettermiddag informerte sjukehuset om at mannen er alvorleg skadd.

Kontaktinformasjon for media

Bane NORs medievakt, tlf. 916 56 565.