Her kan godstog laste om i ei krise

Bergensbanen har fått to nye beredskapsterminalar for gods. Viss banen må stengje, kan lasten flyttast frå tog til bil på Voss eller Nesbyen.

Prosjektleiar Anders Sirevaag ved lastegata på Palmafossen som står klar til å ta imot trailerar dersom eit godstog må laste om mellom aust og vest. Foto: Ingunn Halvorsen/Bane NORGodstransporten i Noreg aukar år for år. Bane NOR har som mål at stadig meir gods skal fraktast på jernbanen i staden for med trailer. Dette krev at ein har reserveløysingar for ekstremver og andre akutte hendingar.

Mellom Oslo og Bergen kjem vel halvparten av godset med tog. Ketsjup til Kiwi, sofaer til Ikea og mobiltelefonen du bestilte på nettet er mellom det som fyller vognene på veg vestover. I fjor var mellom 80 og 90 prosent av godstoga framme i rett tid. Men av og til fører store snømengder, ras eller flaum til at banen vert stengd i meir enn eit døgn. Då treng godstoga ein stad å flytte lasten over på bilar for å få varene fram. No står to slike terminalar klare, plassert på kvar si side av høgfjellet.

Nesbyen i Hallingdal

På austsida er terminalen etablert på ein tømmerterminal ved Nesbyen stasjon. Spor 3 og 4 har fått ny pukk og sviller, og det eine fekk også nye skjener. Langs sporet er det skifta masse og lagt asfalt for å tole tunge trailerar, og nye lysmaster er på plass. Vegen inn til området er oppgradert i spleiselag med Nes kommune. Terminalen stod klar i november 2016.

Tømmerterminalen på Nesbyen er rusta opp til beredskapsterminal for gods. Om lag 40 trailerar må til for å avlaste eit fullt godstog. Foto: Jostein Skår-Ekse/Bane NOR

Palmafossen på Voss

Den vestlege beredskapsterminalen ligg tre kilometer frå Voss stasjon langs den nedlagde Hardangerbanen. Området har vore nytta til lager og har no fått ny drenering, asfalt og lysanlegg. Bilvegen er rusta opp. Pukken og nesten 5000 betongsviller er skifta ut, medan skjenene frå Hardangerbanen er gjenbruk. Tre planovergangar på strekninga har fått nytt gummidekkje. Det siste som står att, er arbeid på nokre bruer som skal gjerast til våren.

Tre planovergangar mellom Voss stasjon og Palmafossen har fått nytt gummidekkje. Foto: Ingunn Halvorsen/Bane NOR

Håpar dei ikkje vert brukte

- På begge stadene har vi hatt lokale leverandørar inne og har samarbeida godt med kommunane. Vi håpar jo ikkje det vert bruk for desse terminalane, men dersom banen vert stengd står dei klare, seier prosjektleiar Anders Sirevaag.

- Dersom til dømes banen mellom Voss og Bergen vert utilgjengeleg for togtrafikk, vil vi i Bane NOR avtale med godstogselskapa om beredskapsterminalen på Palmafossen skal aktiverast. Så vil vi i samarbeid med terminalselskapa flytte løfteutstyr frå Bergen til Voss for å drifte terminalen, forklarer driftsansvarleg for gods og terminalar Kjell Ivar Maudal.

Til vanleg skal terminalområdet på Nesbyen framleis brukast til tømmer, medan Palmafossen er hovudlager for materiell til Bergensbanen. Budsjettet for å klargjere dei to anlegga er på 60 millionar kroner.

Flaumen i oktober 2014 førte til at Bergensbanen vart stengd i 6 døgn mellom Bulken og Dale. (Foto: Jernbaneverket)