Vossebanen vert stengd 26.og 27. november

I helga skal Jernbaneverket arbeide på Bergen stasjon, i Fløen og nye Ulriken tunnel, samt rydde skog og drive ras- og flaumsikring mellom Arna og Voss. NSB set opp bussar på strekninga heile laurdag og søndag føremiddag.

•	Mens banen er stengd blir det mellom anna sprenging her ved opninga til nye Ulriken tunnel i Fløen, samt oppmålingsarbeid i den gamle tunnelen. (Foto: Ingvild Eikeland)Det vert stor aktivitet på jernbanen mellom Bergen og Voss siste helga i november. Bygginga av nytt dobbeltspor mellom Arna og Bergen held fram for fullt. Vidare austover står vedlikehald før vinteren på planen. Strekninga mellom Bergen og Voss vert difor stengd for vanleg togtrafikk frå natt til laurdag til søndag føremiddag. Stenginga gjeld både lokaltrafikk, regiontog på Bergensbanen og godstrafikk.

 Buss for tog
NSB set opp bussar heile laurdag og til og med klokka 11.50 søndag.

  • Buss mellom Bergen og Voss køyrer frå jernbanestasjonen i Bergen
  • Buss mellom Bergen og Arna køyrer frå jernbanestasjonen i Bergen
  • I samband med Lysfesten i Bergen laurdag vil det gå buss frå Arna til terminal P ved Bergen busstasjon kvart femte minutt frå klokka 12.15 til 16.25. Etter Lysfesten går bussane frå terminal P ved Bergen busstasjon til Arna kvart femte minutt frå klokka 17.00 til 19.35.


NSB informerer på si nettside

Kart over Bergen busstasjon

Fyrste tog søndag går frå Bergen klokka 11.59 til Oslo. Frå Voss stasjon og austover går trafikken som normalt heile helga.

Arbeidstog på sporet
Sjølv om den vanlige togtrafikken er innstilt, kan det kome arbeidstog på sporet når som helst. Alle som bur og ferdast langs jernbanen må vere like forsiktige som elles.

Dette skal Jernbaneverket gjere i arbeidshelga:

  • Arbeide på kontaktleidningsanlegget og signalanlegget ved Bergen stasjon
  • Fornye eit spor ved godsterminalen.
  • Sprengje framfor opninga til nye Ulriken tunnel i Fløen.
  • Drive oppmåling i den gamle tunnelen for å førebu tverrpassasjar mellom dei to tunnelane.
  • Reparere bjelkar i taket på Bergen stasjon
  • Rydde skog langs sporet mellom Arna og Bulken for å hindre at tre fell ned i uver.
  • Ras- og flaumsikre langs sporet ved Evanger og Bulken.
  • Vedlikehalde Flage Bru på Bulken.

 - Til vanleg arbeider vi på sporet i tidsromma mellom togavgangane. Men nokre jobbar tek lengre tid, og desse samlar vi opp til nokre helger i året. Målet er ei sikker og punktleg togreise for passasjerar og gods, seier områdedirektør Tony Dæmring i Jernbaneverket.