Betre spor på Rørosbanen

På Rørosbanen vert sporstandarden stadig betre. Etter at banen for få år sidan var prega av stort etterslep og mange saktekjøringar, har utskiftinga av sviller kome langt og held fram for fullt i år. Nå vert også mange stålbruer skifta ut med betongtrau for betre sporstandard. Også mange stasjonar vert moderniserte.

Steinar Andersen (tv), Bernt Dillerud, Ove Johnny Brenna og Tom Vermundsberget står på for at Rørosbanen stadig skal verte betre. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong>

I øsande regnvêr møter vi Bernt Dillerud, Ove Johnny Brenna og Tom Vermundsberget frå JBV Drift. Dei held på med utskifting av nedkjørte skøytar i sørenden på Koppang stasjon. – Eigentleg skulle vi utført sveising med ein gong, men no regnar det for mykje, seier Bernt Dillerud. –Vi set derfor på laskar og må kome tilbake når det vert betre vêr. Utskifting av nedkjørte skøytar på stasjonsområda er eitt av mange vedlikehaldstiltak. På Rørosbanen er det dei store jobbane som skal gje banen eit vidare løft i standarden. I år skal det skiftast ut 27 000 sviller på banen. – Vi skal kjøre sporombyggingstog på delstrekningar mellom Elverum og Rudstad, Opphus og Koppang og mellom Koppang og Atna, fortel oppsynsmann på lina, Steinar Andersen.

Nytt svilledekke


– Det har blitt meir moro å jobbe igjen, seier Steinar Andersen. Slik var det ikkje alltid for nokre år sidan. –Vi hadde jo nokre år med nedbemanning og låg vedlikehaldsinnsats. Når vi samtidig da måtte gå og sjå på at forfallet på banen auka, så skapte jo ikkje det trivnad akkurat, seier han. Men no er optimismen tilbake. – Vi har kome langt med heilt nødvendig utskifting av svilledekket på banen. Spormbyggingstoget gjorde ein god jobb i fjor, og dette arbeidet kjem til å gå føre seg i fleire år enno, seier Andersen. Dei lange saktekjøringane på grunn av dårlege sviller er borte for lenge sidan, og ein jobbar med å ta inn på vedlikehaldsetterslepet. 

I tillegg til sporombyggingstoget som legg inn betongsviller, gjer vi også ein god del svillebytte med den såkalla Hamar-metoden, fortel Andersen. Vi legg da inn bøkesviller på kortare parti mellom kurver som tidlegare har fått nye bøkesviller.

 Her vert nedkjørte skjener skifta ut i sørenden av Koppang stasjon. (Foto: Njål Svingheim)

Nye bruer


Ein gjengangar som problem for sporkvaliteten er dei mange korte stålbruene. Desse ligg som fastpunkt i lina og gjer optimal sporjustering vanskeleg. I år vert heile ti slike bruer skifta ut på Rørosbanen. Stålbruene vert erstatta av prefabrikerte betongtrau. Sporet får da gjennomgåande pukkballast og kan justerast og pakkast utan fastpunkt. Det blir også utført mykje skogrydding og reinsk og utskifting av stikkrenner og grøfter. I tillegg er Drøili tunnel ferdig fjellsikra, ein jobb som byrja i fjor. Banen får også ferdig oppgradert CTC (fjernstyring) i løpet av året.

Med slike nye traubruer kan sporet justerast gjennomgåande, noko som betrar komforten og minskar vedlikehaldsbehovet. (Foto: Njål Svingheim)
 

Stasjonar


På Rørosbanen vert det gjennomført eit større program for oppgradering av stasjonar. - Til no er Tolga stasjon og haldeplassane Langlete og Rognes ferdige, fortel stasjonsansvarleg Stein Ranøien. Koppang stasjon får ein storstila modernisering, og istandsetjing av stasjonsparken og lenging av fleire plattformer er i gang. 

Det skjer mykje


Som vi har sett her på Banenettet gjennom reportasjar frå dei fleste banestrekningane i det siste, vert det jobba for fullt med fornying og vedlikehald rundt om i Jernbane-Noreg. Du kan finne slike saker frå blant andre  Østfoldbanen , Bergensbanen , Dovrebanen , Kongsvingerbanen, Nordlandsbanen , Drammen stasjon , Prosjekt Stor-Oslo , og Kongsberg stasjon .

I løpet av sommaren vert det også sett det i gang ei rad nye slike prosjekt i tillegg til at det er stor aktivitet i Oslo og på Drammenbanen og i dei store utbyggingsprosjekta.