Jernbanemagasinet banner
Togreisen

Jernvegen

Ofotbanens anleggsveg er gjort om til vandringsveg. Bli med på tur!

Foto: Jan Ludvig Hundvebakke og Marit Bendz
Foto: Jan Ludvig Hundvebakke og Marit Bendz

Mellan höge fjällen vid Ofotens fjord, skal en by anlägas
upi höga nord, der en jernväg ifrån Sverige kommer till
at tåga fram, och det bekannta stellet är Wictoriahamn.
(Frå Skara-Pelles rallarvise)

Seks kilometer rallarveg ned til Rombaksbotn ventar på fem turgåarar. Dei er langt frå dei einaste som har nytta det nye sommartilbodet til Visit Narvik kvar onsdag og laurdag, som omfattar Ofotbanen, fottur på Rallarvegen og båttur frå Rombaksbotn attende til Narvik. Opptil 40 personar har delteke på ein tur, og berre ein av turane er avlyst på grunn av for få deltakarar.

Liv i stasjonshusan
Jernbaneverket vil at småstasjonane mellom Narvik og Riksgrensen vert tekne i bruk att. Dei har allereie pussa opp Katterat stasjon, og Jern­baneverket er inne med midlar til vedlikehald og oppgradering av Rallarvegen, slik at fleire kan nytte dette flotte turområdet. Stadig fleire tek det i bruk, og dei fleste nyttar toget på eitt eller anna vis.
Katterat var i si tid ein staseleg stasjon. Ingen bur der fast no, men det er utgangspunktet for mange fjellvandrarar.
Togturen til Katterat tek om lag ein halv time. Vi har allereie sett ein film om rallarlivet og bygginga av Ofotbanen på Narvik stasjon.

Historier langs vegen
Dei sterkaste rallarane bar over 50 kilo på ryggen, i oppoverbakke. Vi har med oss ei lita rumpetaske med niste, ein brosjyre om Rallarvegen og ei vassflaske, i nedoverbakke. Tre svenskar har allereie lagt i veg nedover stigen. Dei skal òg gå til Rombaksbotn, men vil i tillegg ta ein avstikkar opp den bratte rallarvegen i Norddalen. Vi ristar på hovudet av slikt overmot. Det tek tid å trave gjennom ulendt terreng.
 Infotavlene langs vegen er mange og tekstane lange og interessante. Der kan ein lese historia om rallarane og samfunna som vart etablert og så forsvann, om kraftstasjonar og taubanar, om menneske som har sett spor og menneske ingen lenger hugsar.

Tog + nordlys
Den 72 kilometer lange transportvegen mellom Rombaksbotn og Abisko stod ferdig i 1898. Fire år seinare opna Ofotbanen, og vegen grodde att. Men no er han restaurert som kulturhistorisk vandringsveg.
  Ofotbanen er viktig for turismen i Narvik-regionen. Byen har flest cruiseturistar om vinteren. Japanarar, tyskarar og eng­elskmenn elskar både tog og nordlys.
  – Fleire og fleire skip vel Narvik på grunn av nøgde gjestar, fortel marknadssjef i ­Visit Narvik, Lise Janita Hansen.
  – Og vi vil sjølvsagt ha fleire ut på tur. Særleg dei små serveringsstadene treng cruiseturistane. Vi fekk nettopp vite at ein japansk turoperatør har lagt Ofotbanen inn i programmet sitt.

Konjakk-Nisse
Over 5000 menneske arb­eidde på banen på det meste. I tillegg kom alle som fann seg jobb der sluskane budde. Ringverknadene var store.
Fleire idylliske grillplassar med benkar og grue ligg ved vegen. Vi et nista vår ved den gamle kafeen til Konjakk-Nisse. Han heitte eigentleg Nils Persson og var køyrekar. Men han slo seg opp på ulovleg spritsal og fekk ikkje lenger jobb verken for NSB eller SJ. Ved Storbrua over Hundalselva opna han kafé og stall saman med fru Persson.

Prøving og feiling
Heilt sidan 1600-talet var det grubla over korleis ein skulle frakte malm frå dei ville fjelltraktene i Lappland. Første forsøk på bygging av jernbane mellom Kiruna og Narvik gjekk skeis, men det vart bygd til saman 80 km anleggsveg. Arbeidskraft var ikkje problem, rallarane på Ofotbanen tente det dobbelte av kollegaer på andre anlegg. Kokka var ein del av arbeidslaga og fekk betalt på lik line med rallarane. Utan kvinner og hestar hadde Ofotbanen ikkje vore mogleg å byggje.

Siste etappe
Rombaksbotn var eit levande samfunn i byrjinga av rallartida, då engelskmennene byrja å byggje transportveg derifrå oppover mot fjellet. Ras, to store brannar og tyfus knekte ikkje det vesle samfunnet på kring 500 menneske. Først da anleggstida tok slutt, vart Rombaksbotn sakte avfolka.
  Ti minutt på fem kjem Kikki Westrheim, urmakarmeister og historieforteljar, fresande i RIB-en. Det er meir pengar i turisme enn klokker no. Men det er ingen svenskar å sjå. Vi fortel skipperen at vi truleg må vente ei stund, men presis klokka fem står tre slitne vandrarar på brygga. Jo, det vart hardt, det var lenger enn dei hadde tenkt.

Drama i 1940
Over 20 tusen syklar Rallarvegen frå Finse via Myrdal til Flåm kvar sommar. Rallarvegen ved Ofotbanen er lite eigna, meiner prosjektleiar June Berg-Sollund. Det vert fort konflikt mellom barnefamiliar på tur og stupbombarar på syklar med feite hjul på den same smale stigen.
  – Vi satsar på turgåarane, seier ho.
  RIB-en fyk over fjorden til restane av eit tysk båtvrak.
  – Eit greitt symbol på korleis det går når ein ikkje oppfører seg ordentleg, gliser Westrheim og skildrar korleis dei hypermoderne tyske krigsskipa vart jaga inn i Rombaksbotn av engelske skip. Så viktig var det for alle å hindre at fienden fekk kontroll over malmtransporten. Det var her i nord det var krig. Historiebøkene er vel skrivne av søringar.

SITAT Fleire og fleire skip vel Narvik på grunn av nøgde gjestar. Lise Janita Hansen , marknadssjef i ­Visit Narvik, Lise

FAKTA

Ofotbanen
- 43 kilometer lang jernbane frå Narvik hamn til riksgrensa mot Sverige
- Landets mest trafikkerte bane der malmtrafikken dominerer 
- Viktig for varetransporten mellom Sør- og Nord-Noreg (via Sverige) *
- Reknast som ein av Europas vakraste jernbaner

Starten
1882: Alrik Ljunggren mfl. får konsesjon på bygging av jernbane mellom Ofoten og Luleå.
1885: Det engelske firmaet Wilkinson & Jarvis får byggjeløyve og dannar The Swedish and Norwegian Railway Co Ltd.
1889: Selskapet går konkurs. LKAB, den norske og svenske staten bestemmer seg for å fullføre bygginga.
1902: Ofotbanen er ferdig, opning 15. november
1903: Ofotbanen offisielt opna fordi kong Oskar ikkje orka å reise nordover midt på vinteren