Dei vanlegaste spørsmåla

Har du spørsmål som du ikkje finn svar på her, ta kontakt med Bane NOR sitt kundesenter.

Korleis kjem eg i kontakt med Bane NOR?
Du kan kontakte kundesenteret på e-post, sende SMS til 26112 (skriv kodeord JBV etterfølgt av melding), Facebook eller på Twitter. Du kan også kontakte sentralbordet vårt på 05280.

Korleis får eg tilgjenge til mobilapplikasjonen "Togtider"?
Dersom du har Iphone, må du inn på Appstore og søkje opp Togtider og laste ned. Dersom du har en Android-telefon, lastar du ned Togtider frå Google Play. 

Eg har sendt ein førespurnad til Bane NOR. Kva skjer med førespurnaden?
Når du sender ei sak til kundesenter@banenor.no, vil du få ei tilbakemelding med eit saksnummer. Saka vert behandla av ein saksbehandlar og du får e-post om vi treng fleire opplysningar eller når saka er ferdig behandla. 

Eg skal lage ei skoleoppgåve om Bane NOR.  Kvar finn eg informasjon?
Sjekk ut denne sida: Om du ikkje finn svar på alt her, ta kontakt med kundesenteret.

Eg har lyst til å jobbe i Bane NOR, korleis går eg fram?
Alle dei ledige stillingane våre blir publiserte her. Du kan og følgje Bane NOR karriere på Facebook.

Kva har Bane NOR ansvaret for? 
Bane NOR har ansvar for planlegging, utbygging og vedlikehald av jernbanen, stasjonane og terminalane. I tillegg har Bane NOR ansvaret for å styre togtrafikken og informere om han.

Eg skal til dømes reise frå Asker stasjon. Korleis ser stasjonen ut og kva slags stasjonsfasilitetar finst der?
Du kan finne informasjon om alle stasjonane våre her.