Assistanse på stasjonane

Treng du assistanse på jernbanestasjonen? Assistanse på stasjonane må tingast minst 24 timer før reise for garantert assistanse på ynskja tidspunkt.

Slik tingar du assistansetenesta

Assistansetenesta kan tingast:

Telefontinginga er betjent:

Måndag til fredag 08.00 - 19.00 
Laurdagar og sundagar/heilagdagar 09.00 - 15.00

Opplysningar

Ved tinging må det opplysast om:

  • Namn
  • Telefonnummer
  • Assistansebehov
  • Avreisestasjon og ynskja møtestad på stasjonen
  • Innkomstasjon
  • Tidspunkt for avreise og innkomst
  • Eventuelt andre opplysningar

Rullestol

Om du bruker rullestol, ber vi deg oppgje vekt og størrelse, og om rullestolen kan leggjast saman. Rullestoler som tas med i tog kan ikkje vere større enn 70cm x 120 cm.

Informasjon om plass til rullestol og assistanseteneste om bord i tog finn du her:

Oppmøtetid

Anbefalt oppmøtetid er 30 minutt før ordinær avgangstid. Billett må tingast hjå togselskapa. 

Garanti

Bane NOR garanterer at kundar som tingar assistanseteneste minimum 24 timer før togreise vil få assistanse på ynskja tidspunkt. Dersom assistanseteneste tingast seinare enn 24 timer før reisa, vil Bane NOR forsøke å hjelpe, men kan ikkje garantere tenesta. 

Stasjonar med assistanseteneste

Følgjande stasjonar har tilbod om assistanseteneste: